Hopp til innhald

Fagstoff

Personvern på arbeidsplassen

Her set vi søkjelyset på kontroll og overvaking på arbeidsplassen, kva konsekvensar det kan få, og kva for lover og reglar som gjeld.
Øye som overvåker databrukere. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva kan arbeidsgivaren overvake?

Kameraovervaking av personar som kan identifiserast, er lovregulert. Hovudregelen er at kameraovervaking er ulovleg om det ikkje er nødvendig. Kameraovervaking skal normalt ikkje skje dersom problemet kan løysast eller risikoen minimerast gjennom alternative tiltak.

Datatilsynet har laga ei sjekkliste for kameraovervaking:

Er overvakinga verkeleg nødvendig? (Les meir ...)

Hovudregelen er at dersom overvakinga ikkje er nødvendig, er ho heller ikkje lovleg.

Har du vurdert alternative løysingar som endra lyssetjing, auka vakthald eller endra bruk av problemområda? (Les meir ...)

Kameraovervaking bør alltid vere siste utveg for å løyse eit problem. Har du tenkt gjennom alle andre alternativ?

Er det lovleg å overvake området? (Les meir ...)

Det er aldri lov til å overvake andre i eigen privat heim eller i det som blir opplevd som ein fortruleg eller privat situasjon, for eksempel hotellrom, toalettrom, avkledingsgarderobar og prøverom.

Er du klar over pliktene som følgjer med overvakinga? (Les meir ...)

Du skal melde frå til Datatilsynet før du set i gang. Skjult overvaking er forbode, og all overvaking skal merkjast tydeleg. Det er ikke lov til å levere ut eller vise opptak til framande utan at dei som er med på opptaket, samtykkjer. Opptaka skal oppbevarast på ein stad som er utilgjengeleg for uvedkomande, og dei skal slettast når det ikkje lenger er sakleg grunn til å oppbevare dei, seinast sju dagar etter opptaket.

Bruker du den minst krenkjande forma for overvaking? (Les meir ...)

Kan du svare JA på dei fire punkta ovanfor, må du til sist hugse at du alltid skal bruke den minst krenkjande forma for overvaking. Det vil for eksempel seie at du skal ha færrast mogleg kamera og filme gjenstandar heller enn menneske. Opptak kan misbrukast, så overvaking utan lagring bør veljast så langt råd er.

Særskilt behov

For å kunne overvake ein arbeidsplass med kamera må arbeidsgivaren dokumentere eit særskilt behov. Det kan for eksempel vere

  • sikring av liv og helse dersom det eksisterer ein særskild risiko som kan skape fare for den enkelte
  • førebygging av kriminalitet, for eksempel i område med stor fare for ran (bankar, postkontor), eller for å hindre tjuveri og hærverk

Kor langt kan arbeidsgivaren gå?

Kontroll og overvaking i arbeidslivet reiser to hovudproblem:

  1. Kor langt skal ein arbeidsgivar kunne gå i å kontrollere dei tilsette?
  2. Korleis skal vi handsame den informasjonen vi får gjennom kontrolltiltaka?

Vi kan oppleve ransaking, kroppsvisitering og videoovervaking i arbeidssituasjonar, overvaking i bruk av telefon, e-post og Internett, bruk av GPS til å fastslå posisjonar, sporing gjennom mobiltelefonen. Såkalla flåtestyring gir informasjon om kvar tilsette, firmabilar og varer er til kvar ei tid.

I ein Fafo-undersøking svarar heile 38 % at dei har liten eller ingen kjennskap til kva slags reglar som gjeld for kontroll og overvaking. Det er eit stort behov for kunnskap om personvern, kontroll og overvaking på arbeidsplassen.

LO meiner at omfanget av kontroll og overvaking i arbeidslivet har auka dei siste åra, i takt med utviklinga av ny teknologi, og kan kome i konflikt med retten vår til personvern.

Tenk over

Er det kameraovervaking i dei områda du dagleg er i – på skulevegen, i butikkar, uteområde, buss, tog osv.?

Kva er formålet med å overvake desse stadene?

Kva synest du om det?

Lovreglane om kameraovervaking, sjå personopplysningslova kapittel 7.

Særlege reglar om kameraovervaking, sjå personopplysningsforskrifta kapittel 8.

Relatert innhald

Oppgåva set søkjelyset på kontroll og overvaking på arbeidsplassen, kva konsekvensar det kan få, og kva for lover og reglar som gjeld.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 18.11.2017

Læringsressursar

Personvern