Hopp til innhald

Fagstoff

Historia til julekortet

Det første julekortet blei til i England i 1843. I Noreg har vi sendt julekort i over 120 år. Julekorta er ein spanande del av norsk mediehistorie og eit bilete på den tida og det samfunnet dei blei til i.

Ein hundre år gammal tradisjon

Ein gråkledd nisse med raud nase og topplue knar seg enda ein snøball. Kanskje er det fuglen på bakken han smiler så lurt til. Kanskje smiler han fordi han har skrive GLÆDELIG JUL med snøballar på veggen framfor seg. No manglar berre prikken under utropsteiknet.

– Dette var før «Cola-nissen» blei populær, seier formann Per W. Schulze i Norske Postkortsamlere.

I hendene held postkortsamlaren Noregs første julekort med nissemotiv. Kortet er teikna av Wilhelm Larsen og datert til 1883. Sidan har skøyaraktige fjøsnissar boltra seg på eit utal norske julekort.

Moderne

Schulze blar fram kort etter kort, frå øskjer og album, og snart er heile den kvite bordplata dekt. Dei fleste korta har tydelege julemotiv, slik som englar, juletrehenting og nissar i snølandskap. Nokre kort glinsar i glitter og forgylte bokstavar som ønskjer mottakaren ei gledeleg jul.

Julekorttradisjonane har endra seg. I starten av 2010-talet vart rundt 15 millionar julekort og -brev sende i posten, medan på slutten av 1990-talet var juleposten rundt fem gonger så stor. I dag blir mange julehelsingar slusa gjennom teknologiske nyvinningar.

Også postkort har ein gong vore den nye vinen.

– Ein gong var det å sende kort både moderne og spenstig. Det var ein biletsensasjon, ein fekk sjå noko anna enn det ein vanlegvis såg. Korta overlevde også ofte lenge hos familiar. Dei blei tekne vare på i album, leika med og beundra, seier postkortbokforfattar Ivar Ulvestad.

Tidsklemme

Det første julekortet i verda blei introdusert av briten Henry Cole og teikna av John Callcott Horsley i 1843. Det skal ha vore tidsklemma som sette Cole på tanken om å lage ferdigtrykte julehelsingar.

Menn og kvinner som skåler og tekst god jul og godt nyttår. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

To norske julekort kom i 1883. I tillegg til nissekortet gjekk eit kort med ein enkel versjon av Adolph Tidemands maleri «Norsk Juleskik» i trykken. Både nissar og juleskikkar skulle bli vanlege motiv på norske julekort.

Før posten opna for sending av opne postkort, også det i 1883, var julekorta såkalla overrekkingskort. Biletkorta blei brukte som ei slags lita gåve, ei merksemd om ein til dømes var beden bort. Korta blei også ofte sende i konvoluttar. Etter 1883 blei det lovleg, men også billigare og lettare, å sende postkort.

– Folk tok til seg skikken med å sende kort, han blei allemannseige. Rundt 1900 tok det veldig av, og frå 1910 heilt til 1960 blei det sendt store mengder, seier Ulvestad.

Ei julevare

Juletre med norske flagg. Illustrasjon.

Tidleg kunne også bunadskledde menneske, kjendisar, dyr og tog pryde julekorta. Men etter kvart som korta blei ei handelsvare, blei også motiva spissa inn mot jula. Typiske motiv blei juleførebuingar, pynting, nissar, englar, barn, grisen og juletreet.

– Vara fann sin plass og si oppgåve. Ho skulle treffe publikum, og illustratørar fekk i oppgåve å teikne det ein visste folk ville ha. Estetikken blei prega av julekonvensjonane. Eit utval av motiv gjekk igjen og bygde opp under forventningane om korleis jula skulle sjå ut, seier Ulvestad.

Per W. Schulze strekkjer seg mot taklampa og dekkjer lyset med eit gammalt såkalla «hold to light»-kort.

– Det var kjempekonkurranse mellom forlaga. Dei var veldig kreative i forsøka på å få selt korta sine, seier han.

Brått vaknar stjernehimmelen på kortet til liv, og vindauga lyser ut mot den mørke vinterkvelden.

- Gullkornet finst der ikkje alle andre har funne det, seier postkortsamlaren.

Den norske fjøsnissen

Wilhelm Larsen sin nisse frå 1883 var ein typisk nisse slik han er framstilt i den nordiske folketrua. Nissen var overnaturleg og heldt til nær folk, ofte i uthusa. I Noreg blei nissen gjerne omtala som ein liten, gråkledd mann med raud lue og langt skjegg. Nissen kunne hjelpe til med fjøs og stell, men var også ein lunefull type. Fekk han ikkje godt stell, kunne han gjere pek mot både folk og dyr.

Julekort med nisse. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Det er variantar av fjøsnissen som har blitt mest brukt på julekorta her i landet. Ofte i litt festlege situasjonar. Men karakteren har utvikla seg med åra.

– Den norske julekortnissen har forandra seg etter behov. Han har blitt tilpassa for å kommentere problemstillingar i samtida, og har også stil- og teiknmessig blitt tilpassa samtida, seier postkortbokforfattar Ivar Ulvestad.

Under andre verdskrigen blei den raude topplua eit symbol på motstanden mot nazistane. Då det blei forbode å gå med raud topplue offentleg, svara nordmenn med å sende fleire kort med raudlua nissar, seinare nissar med luer i andre fargar, eller rett og slett utan lue. På denne måten kunne ein i løyndom ironisere og gje eit hint til vener og kjende om at ein sto på rett side, forklarer Ulvestad.

CC BY-SASkrive av Siri Marte Kværnes og Berit Roald. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 26.01.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)