Hopp til innhald

Fagstoff

Fysisk sikring av verdiar

På ein arbeidsplass har vi mange typar verdiar, til dømes menneske, kontantar, bygningar, maskinar, verktøy, PC-ar, videokanonar og anna teknisk utstyr. Desse verdiane må sikrast godt.
Kasseapparat. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sikring av kontantar

Somme typar verdiar er vanskelegare å sikre enn andre. Kontantar i butikkar er spesielt utsette. Det er ikkje så vanskeleg for tjuvar å stele og bruke kontantar. Kassaskuffen må derfor alltid vere lukka og låst. Når omsetninga skal teljast opp for dagen, må ein passe på. Det bør helst gjerast slik at andre ikkje kan sjå det. Butikk-kjedene har gjerne eigne instruksar for korleis dei tilsette skal te seg i betalingssituasjonar.

Kontantane kan òg hentast av eit vaktselskap, det er ein god måte å sikre pengane på. Kassapersonalet legg då omsetninga i ein safe som dei ikkje har tilgjenge til etterpå. Berre vektarane frå vaktselskapet kan opne safen og kome til verdiane. Det førebyggjer også mot ran.

Ein del butikkar har handteringsfrie kontantsystem, som du sikkert har sett. Setlane blir då putta i ein maskin, og vekslepengane kjem ut av ein annan maskin. Slike system hindrar også freistinga til å stele frå kassa, såkalla internt svinn.

CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Tryggingstiltak