Skriv ut Lytt til tekst
 
Rettleiing

Undervisingsopplegg for lærar

Ingressbilde lærerressurs (undervisningsopplegg)

Her er eit forslag til korleis du som lærar kan leggje opp undervisinga i fagstoffet om ulike marknader i faget Marknadsføring og leiing 1.

Veke

Førelesing

Oppgåver

1

Bruk lysbiletserien som ei innføring i det nye kapittelet og gå gjennom han med elevane.

Snakk dykk gjennom omgrepa som blir presenterte, og bruk «summeoppgåvene» som ligg i lysbiletarka.

La elevane gjere oppgåva Quiz, slik at dei blir merksame på kva dei kan og ikkje kan.

Ta ein klassediskusjon frå Diskusjonsoppgåver og få sett nokre omgrep på dagsordenen.

La elevane gjere oppgåva Snurr film: Internasjonale marknader i grupper på to til fire. Presenter resultata etter kvart.

Dra på ein kort ekskursjon til ein butikk eller eit butikksenter, som i Praktisk oppgåve. Elevane kan presentere funna sine på slutten av økta.

2

Gå fort gjennom lysbiletserien igjen for å repetere det de gjekk gjennom førre veke.

Elevane gjer oppgåva Les meir!. Diskuter i klassen kva elevane har funne.

Hald fram med Skriftleg oppgåve om bedrifta elevane har valt å følgje. Elevane jobbar i grupper og produserer grunnlag for Munnleg oppgåve.

I staden for å presentere munnleg kan elevene denne gongen gjere Gloggoppgåve i nye grupper. Då får dei øvd endå meir på stoffet. Dersom det er tid, presenterer de nokre av gloggane i klassen.

Tilrå
0

Kompetansemål

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve