Hopp til innhald

Fagstoff

Tryggleik i lærefaga

Du som tek service og samferdsel på vidaregåande skule, vil møte temaet tryggingstiltak i mange samanhengar i yrkeslivet.
Spesialjakke for tyveri
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tryggingstiltak i salsfaget

Dersom du arbeider med sal, kjem du i kontakt med tryggingstiltak i fleire samanhengar. Står du i butikk, kan du risikere å bli rana. Det er viktig å vere klar over dette, og du bør prøve å vere budd på slike situasjonar. For eksempel kan du vere litt på utkikk etter mistenkjelege personar i butikklokalet.

Tjuverisikring er vanleg i butikkar, og bruk av alarmanlegg saman med varesikring er derfor ein naturleg del av kvardagen.

Driv du med oppsøkjande sal, er din eigen tryggleik viktig. Ein kjend fjellvettsregel seier «Meld frå kvar du går». Regelen er også viktig om du skulle bli borte i byen.

Tryggingstiltak i resepsjonsfaget

Jobbar du i ein hotellresepsjon, er tryggingstiltak ein del av det daglege arbeidet. Du tek deg av gjestene ved å registrere dei inn og ut, slik at du heile tida veit kven som er på hotellet.

Det er viktig å ha oversyn over kven som er på hotellet, for eksempel om brannalarmen skulle gå. Då må du opne dører og følgje folk til møteplassen, kontrollere området nær resepsjonen, toaletta osv.

Ei anna oppgåve du har som tilsett på eit hotell, er å gå brannrundar. I tillegg må du kanskje takle fulle og kranglevorne gjester på ein måte som ikkje set hotellet og andre gjester i fare.

Tryggingstiltak i reiselivsfaget

Som reiseplanleggjar må du alltid tenkje tryggleik for gjestene dine. Kva for land er det trygt å reise til, og kva slags utstyr kan du oppmode dei å pakke med seg?

Skal du leige buss til ei gruppe turistar, må du vere sikker på at det tekniske ved bussen er i orden. Du må sjekke at dokumentasjonen til bussfirmaet er ok, at kviletid for sjåføren er lagd inn i ruta, osv.

Tryggingstiltak i kontor- og administrasjonsfaget

På eit kontor er helse, miljø og sikring (HMS) alltid viktig. Er arbeidsplassane godt nok sikra for dei tilsette? Er temperaturen i bygget innanfor normene som gjeld? Er det plassert ut røykvarslarar og tjuverialarmar?

Du bør òg kjenne til evakueringsplanen for kontoret om det for eksempel skulle brenne. Som tilsett kan du også få oppgåver i tilknyting til brann- og sikringsrutinar.

Alt etter kva slags bransje du jobbar i, må du ta omsyn til ulike lover og forskrifter som har tryggleik som felles mål.

Tryggingstiltak i vektarfaget

Som vektar er tryggingstiltak sjølve hovudoppgåva di. Vektarane patruljerer for eksempel om natta og kontrollerer om det finst uvedkomande rundt bygget til kunden. Dei har òg til oppgave å hindre innbrot, sabotasje o.l. ved hjelp av godt vakthald og kameraovervaking.

Jobbar du som vektar i ein resepsjon, har du konkrete oppgåver knytte til tryggingstiltak, for eksempel inngangskontroll, kontroll av gjesteparkering, utdeling av lånekort eller nøklar o.a.

Tryggingstiltak i IKT-servicefaget

Datasikring blir stadig viktigare ettersom vi alle – meir eller mindre – jobbar i datanettverk. Ein skal passe på antivirussystema og fornye dei, og tilgangen til ulike delar av databasen må avgrensast.

Som IKT-servicemedarbeidar kan du kome til å jobbe med avgrensing av tilgjenge, trygg lagring av data på serverar, rutinar for reservekopiering o.l.

Tryggingstiltak i yrkessjåførfaget

Ein sjåfør for eit busselskap fraktar mange menneske dagleg. Tryggingstiltak er også her eit viktig område. Dersom ei barnevogn eller ein rullestol skal vere med som passasjer, må dei plasserast i bussen på ein slik måte at faren for uhell blir redusert. Om vinteren er det ofte glatt føre, og det set store krav til varsam køyring.

Køyrer du nattbuss, kan du kome i kontakt med fulle eller aggressive menneske som du må takle. Som lastebilsjåfør på tur nedover i Europa må du finne ein stad å parkere for natta der du ikkje blir rana.

Tryggingstiltak i logistikkfaget

Frå ei vare er produsert, er det mange ledd ho skal gjennom før ho når fram til forbrukaren. Vara kan vere etterspurd og verdfull og må derfor sikrast mot svinn.

Som logistikkmedarbeidar arbeider du mellom anna med å sikre varer under lagring. Varer kan bli stolne dersom dei er lagra ein stad utan alarm. Tilsette skal heller ikkje ha høve til å ta med seg noko. Det må derfor vere streng kontroll med utkøyring frå lageret, omlasting o.l.

CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 14.11.2017

Læringsressursar

Sikkerheit på arbeidsplassen