Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ei beredskapsplan

Ambulanse.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hjelp firmaet Rekneskapsservice med å gå gjennom beredskapsplana si

Du arbeider som vektar i tryggingsselskapet Gard Security AS og skal hjelpe bedrifta Rekneskapsservice med å gå gjennom beredskapsplana si. Det er mange år sidan sist det vart gjort. Du har fått i oppdrag å evaluere den gamle beredskapsplana og kome med framlegg til forbetringar.


Den gamle plana har berre desse punkta:

  1. Innhaldsregister
  2. Brann
    • Ved brann skal alarmen utløysast, og ein må rope «Brann! Gå ut!».
    • Ha att vindauge og dører og sjekk om alle er ute.
  3. Førstehjelp
    • Med skadde personar skal du sende bod etter ambulanse. Om personen ikkje pustar eller har puls, start livbergande førstehjelp med hjarte–lunge-redning.
  4. Evakuering
    • Ved brann eller liknande skal bygget tømmast. Alle skal møte på parkeringsplassen framfor hovudinngangen.

Etter at denne kriseplana vart laga, har bedrifta utvikla seg og vakse. No er det 50 tilsette i Rekneskapsservice, og dei har nett flytt inn i eit større bygg med mellom anna heis.

  1. Kva for tillegg vil du ha med i kriseplana?
  2. Er det fornuftig å ha møteplass rett framfor hovudinngangen?
  3. Kva slags fare kan melde seg dersom nokon står fast i heisen under brann?
  4. Lag utkast til ei ny kriseplan for Rekneskapsservice.

Relatert innhald

Kva er ei beredskapsplan? Ei beredskapsplan er ei enkel plan som forklarer kva som må gjerast i ein krisesituasjon.

CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.11.2017

Læringsressursar

Sikkerheit på arbeidsplassen