Hopp til innhald

Fagstoff

Urter

Urter er ei fellesnemning for ei rekkje planteartar som blir nytta til mat, som smakstilsetjing og i medisinar og parfymar. Det blir sagt at urter har vore kjende sidan oldtida i Egypt.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Forskjellige urter, og diverse utstyr til medisinsk bruk, nærare bestemt ei vekt, ei gryte, ei medisinflaske og ei skei. Skeia er fylt med piller. Foto.

Urter er velduftande og aromatiske, og hovudregelen for bruk av urter er enkel: Nytt masse! Det er til dømes nesten umogleg å nytte for mykje frisk basilikum, som saman med tomat alltid er ein smakssuksess. Det finst mange ulike typar urter med ulike bruksområde, men felles for dei alle er at dei er flotte smakstilsetjingar – for urter gjer god mat endå betre.

Vi har det meste av urter i Noreg: basilikum, koriander, løpstikke, sitronmelisse, syre og mange andre variantar.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Tilgjengelegheit og dyrking i Noreg:

Tilgjengeleg i butikk heile året.
Blir produsert på gardar rundt omkring i landet. Du kan òg ha ein liten urtehage heime.

Med andre ord:

latin: Herbis
engelsk: herbs
tysk: Kräuter
fransk: herbes

Lagring:

Urter trivst best når dei får vekse som plantar. Nokre typar toler å stå ute i vêr og vind, mens andre er meir sårbare. Vi haustar dei helst når vi skal nytte dei, men dei kan òg tørkast og frysast.

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen. Rettshavar: Bama
Sist fagleg oppdatert 19.03.2020

Læringsressursar

Sensorikk og smak