Hopp til innhald

Fagstoff

Utanlandske reisemål

Ei god reiseoppleving for éin person er ikkje nødvendigvis god for alle andre. Kva skal til for å innfri forventningane frå ulike målgrupper?
Gatebilde fra Oxford Street i London med busser og mange mennesker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du store verda!

Snorkling på Maldivene
Opne bilete i eit nytt vindauge

God økonomi og betre transportvilkår har gjort det mogleg for mange nordmenn å dra utanlands på ferie. Det blir meir og meir vanleg å reise langt av garde. Dei fleste oppsøkjer sol og varme. Reiseselskapa tilbyr stadig nye fjerne reisemål, både pakketurar og «skreddarsydde» opplegg for par eller mindre grupper.

Visit

Søk på «visit». Mange land har informasjon om reisemål på ein «visit»-nettstad, til dømes

India: www.visitindia.com

USA: www.visitusa.com

Pakkereiser

www.startsiden.no

Interrail

www.nsb.no

www.interrail-guide.com

www.trillebag.com

Reisemagasin på Internett

www.vagabond.no

Reisemagasin

Pakkereiser

Ferdigpakka turar til Syden gjekk i førstninga stort sett til landa kring Middelhavet. Særleg Spania og Hellas var viktige reisemål for pakketuristane. Men stadig fleire er interesserte i å oppleve fjernare folk og kulturar, andre religionar og å teste eksotisk mat. Nordmenn reiser i dag på ferie til alle verdsdelar. Ei mengd reiseoperatørar tilbyr ferdigpakka turar.

Interrail

Med interrail kan du reise i Europa med tog. Ordninga blei lansert i 1971 og gjaldt først ungdommar under 21 år. I dag gjeld interrailpasset for ungdom, barn, vaksne og seniorar. Interrail er særleg populært hos ungdommen.

«Skreddarsydde» turar

Verda ligg open om du og vennene dine har lyst på ein spesiell ferie. De kan planleggje turen på eiga hand eller kontakte eit selskap som legg til rette for spesielle turar – med eller utan reiseleiar.

Inspirasjon til og informasjon om spesialturar finn du mellom anna i reisemagasin og på ulike nettstader. Du kan òg google land og stader du ønskjer å vurdere som reisemål.

Sjå draumestaden nett no

Dersom du har funne ein stad du kunne tenkje deg å reise til, kan du få eit direkte inntrykk av staden ved hjelp av Google si kartteneste Google Maps. Tenesta dekkjer heile verda med kart, flyfoto og satellittbilete.

Fornøgde turistar?

Turisme er reiser for å oppleve noko hyggeleg. Stadig ser vi kåringar av det beste ferielandet i verda, dei beste øyane og badestrendene. Feriedraumen og forventningane til ein ferie varierer. For å bli ein fornøgd turist må ferieopplevinga overstige forventningane våre.

Relatert innhald

Vi kan ha stor nytte og glede av å planleggje ein ferietur. Her skal vi øve oss i å bruke kart og annan tilgjengeleg informasjon om reisemål.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 23.11.2017

Læringsressursar

Reiseliv