Skriv ut Lytt til tekst
 
Rettleiing

Undervisingsopplegg for lærar

Ingressbilde lærerressurs (undervisningsopplegg)

Her er eit forslag til korleis du som lærar kan leggje opp undervisinga i fagstoffet om den historiske utviklinga frå produksjonsorientert til kunde- og marknadsorientert organisasjon i Marknadsføring og leiing 1. Målet med undervisinga må vere å gi elevane forståing for korleis bedrifter har gått frå å tenkje produkt og produksjon til å tenkje kundar, marknad og samfunn, og å klargjere kvifor dette har vore ei uunngåeleg utvikling.

Veke

Førelesing

Oppgåver

1

Bruk lysbiletserien og snakk dykk gjennom omgrep som blir introduserte. Ha ein grunnleggjande gjennomgang, og la deretter elevane jobbe praktisk sjølve. Lysbiletserien er også tilgjengeleg for elevane.

Start med å setje elevane saman i par slik at dei kan gjere Repetisjonsoppgåvene. Då blir elevane nøydde til å gå gjennom stoffet på ein grundig måte. Elevane kan bruke Bloggoppgåva til å strukturere stoffet slik at det blir lettare å finne att.

Start Diskusjonsoppgåvene i klassen. Ta ein diskusjon kvar time som eit avbrot i undervisinga.

La elevane halde fram med bedriftspresentasjonane i grupper i oppgåva Skriftleg presentasjon. Dette føreset at elevane har gjort den tilsvarande oppgåva under menypunktet Innhaldet i marknadsføringsomgrepet. Arbeidet med den skriftlege presentasjonen her tek tid, men er morosamt og sosialt.

2

Jobb dykk gjennom resten av lysbiletserien som førelesing.

Resultatet av firmapresentasjonen kan bli presentert som gruppearbeid denne veka i oppgåva Munnleg presentasjon.

La elevane jobbe i par for å gjere ei kreativ oppgåve, til dømes Gloggoppgåva. Det å lage ein glogg er eit morosamt og nyttig verktøy for å strukturere og repetere stoffet.

Tilrå
2

Kompetansemål

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve