Hopp til innhald

Fagstoff

Krav til ein god forretningsidé

Ein forretningsidé skal gi svar på desse spørsmåla: Kva skal eg selje? Kva behov hos kunden skal eg dekkje? Kven skal eg selje til?
Fire ungdommer med russedresser

Ein forretningsidé skal seie det viktigaste om korleis du skal tene pengane i bedrifta di. I forretningsidéen skal det komme fram kven som er kunden, og kva behov som skal dekkast av dei produkta og tenestene du skal selje.

Forretningsideen din må du skrive ned. For av og til bør du hente ideen fram igjen for å sjekke om det du arbeider med i bedrifta frå dag til dag, faktisk er det forretningsideen seier at du skal drive med.

Kven er kunden?

I forretningsideen bør det komme fram kven du tenkjer å selje produkta og tenestene til. Ei bedrift som har som forretningsidé "å levere ei god russetid" seier gjennom dette at dei skal tene pengane sine på dei som har behov for å kjøpe varer og tenester i forbindelse med russefeiringa. Det kan vere russen sjølv, men også foreldre, vener, lærarar eller andre med tilknyting til russen.

Kva er behovet?

Formuleringa “levere ei god russetid” opnar for at ein kan tilby alle aktuelle varer og tenester som russen og dei rundt måtte trenge. Dette kan vere meir enn berre russeklede, det opnar òg for sikkerheitsprodukt, appar, underhaldningstilbod og det som elles kan bli aktuelt ein gong i framtida.

Kvifor skal kunden handle hos deg?

Det er òg viktig at du tenkjer på kvifor kunden skal velje å kjøpe akkurat di vare. Du må altså finne ut korleis bedrifta di eller varene dine skal skilje seg ut frå konkurrentane. Sagt på ein annan måte: Kva er bedrifta di best til?

Skal du levere varer og tenester til russen, så er det kanskje veldig viktig at du er den raskaste og sikraste på leveransar. Dersom noko blir forseinka eller feilleveranse, så er det lite vits for kunden å få eit billeg produkt som kanskje ikkje dukkar opp før feiringa er over. Dersom du er betre på noko enn konkurrentane dine, så vil dette vere ein konkurransefordel for firmaet ditt.

Når du har ein konkurransefordel, har bedrifta di ein fordel eller styrke som konkurrentane dine ikkje har. Desse fordelene kan du bruke i marknadsføringa di, slik at du får fram dei viktigaste grunnane til kvifor kunden skal handle hos deg og ikkje hos andre.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Anne-Lise Roald og Oddvar Torgersen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 03.03.2023

Læringsressursar

Forretningsidé