Hopp til innhald

Fagstoff

Forbrukarkjøpslova

Forbrukarkjøpslova er den lova som gjeld når næringsdrivande sel varer til forbrukarar. Som profesjonell seljar må du derfor kjenne både pliktene dine og rettane til kundane etter forbrukarkjøpslova.

Når gjeld forbrukarkjøpslova?

Forbrukarkjøpslova gjeld ved forbrukarkjøp. Forbrukarkjøp betyr at ein yrkesseljar sel ei vare til ein forbrukar som skal ha vara til personleg bruk. Då er seljaren profesjonell, mens kjøparen ikkje er det.

Les forbrukarkjøpslova hos Lovdata.

Forbrukarkjøpslova gjeld ikkje ved kjøp og sal mellom to privatpersonar. Då er det kjøpslova som gjeld.

Kva seier forbrukarkjøpslova?

Forbrukarkjøpslova § 15 seier at ei vare skal vere slik kjøparen har avtalt med seljaren. Kjøparen har krav på at vara har dei eigenskapane og den haldbarheita som seljaren har opplyst om i annonsar, på plakatar, på vareemballasjen og liknande.

Forbrukarkjøpslova § 15 seier òg at dersom det ikkje er avtalt noko spesielt, har kjøparen krav på at vara har dei same eigenskapane og den same haldbarheita som tilsvarande varer.

Reklamasjonsrett

Reklamasjonsretten, som følgjer av forbrukarkjøpslova, gir kunden rett til å klage på manglar ved ei vare innan ein bestemt tidsfrist, normalt to år.

Mangel

Om vara ikkje samsvarer med det som var avtalt, eller det kjøparen kan krevje etter lova, har vara ein mangel – sjå forbrukarkjøpslova § 16. I så tilfelle kan kjøparen krevje at du som seljar leverer ei ny vare, rettar feilen, gir prisavslag, hevar kjøpet eller gir erstatning.

Forseinking

Ei forseinking er viss du som seljar ikkje leverer vara til avtalt tid. Ved forseinking kan kjøparen halde tilbake betalinga fram til vara er levert – sjå forbrukarkjøpslova § 19. Om forseinkinga er stor, kan kjøparen heve kjøpet. Det vil seie at kjøparen kan bryte avtalen og krevje tilbake det vedkomande eventuelt har betalt, inkludert forseinkingsrente frå tidspunktet kjøparen betalte.

Bevisbyrde

Lova seier at ein skal rekne alle feil som oppstår dei første seks månadene etter kjøp, som fabrikkfeil viss ikkje seljaren beviser noko anna. Du som seljar har bevisbyrda, det vil seie plikt til å skaffe bevis, for at det ikkje er fabrikken som står bak feilen. Etter dei seks første månadene er det vanlegvis forbrukaren som har bevisbyrda.

Om ein forbrukar kjøper ein ny vaskemaskin og det innan dei første seks månadene viser seg å vere ein feil med denne, blir dette altså i utgangspunktet rekna som ein fabrikkfeil. Om du som seljar derimot meiner at feilen kjem av at forbrukaren har handla aktlaust, må du kunne bevise at det er tilfellet.

Ein feil er ikkje nødvendigvis ein mangel

Kundar må rekne med feil på varer som kjem av slitasje og uforsvarleg eller unormal bruk. Slike feil er ikkje manglar. Finn du som seljar ut at dette er årsaka til feilen med ei vare, må kunden sjølv betale for ein eventuell reparasjon.

Om du som seljar derimot har halde tilbake viktige opplysningar, eller om vara ikkje har dei eigenskapane du har opplyst om, er det snakk om ein mangel.

Klagefristar ved reklamasjon

Om kunden oppdagar at noko er feil med eit kjøpt produkt, må ho eller han melde frå til seljaren i rimeleg tid. Det vil alltid vere tilstrekkeleg at kunden klagar (reklamerer) innan to månader etter å ha oppdaga feilen.

I tillegg må kunden overhalde dei absolutte klagefristane. Hovudregelen er at kunden må leggje fram klaga seinast to år etter at produktet blei overteke. Om produktet er meint å vare vesentleg lenger enn to år, er klagefristen fem år. Dette gjeld varer som til dømes møblar, bilar, mobiltelefonar, radio- og tv-apparat og byggjevarer.

Kven har ansvaret for mangelen? Eit døme

Om ein tv sluttar å fungere etter tre år, er det seljaren som normalt sett skal for betale reparasjonen. Er det tvil om årsaka til mangelen, kan ikkje seljaren skulde på slitasje eller unormal bruk frå kjøparen si side, og på den måten sleppe unna ansvaret. Seljaren må i så fall sannsynleggjere at det er kjøparen som er ansvarleg for feilen. Det vil med andre ord seie at dersom seljaren ikkje finn årsaka til feilen, må seljaren dekkje reparasjonen.

Forbrukertilsynet

På Forbrukertilsynet sine nettsider finn du meir informasjon om reklamasjonsrettar og kva krav kunden kan stille til eit produkt. Sjå til dømes på nettsida "Har du en klage?" (forbrukertilsynet.no). Her finn du både informasjon om korleis ein går fram for å klage, og døme på klageskjema.

Relatert innhald

Når du sel eit produkt som har ein feil eller ein mangel, har kunden rett til å reklamere på produktet.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland, Hanne-Lisbet Løite og Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 21.05.2021

Læringsressursar

Klager og reklamasjonar