Videoredigering med VideoSpin eller WeVideo
Rettleiing
NRKbeta vurderer programmet WeVideo:
YouTube satser på norsk teknologi
Instruksjonsfilm
Pinnacle VideoSpin: Free Video Editing Tool
Gratisprogram
WeVideo finnest i ein gratisversjon, Free, og tre ulike kommersielle versjonar.
Det finst fleire gratis videoredigeringsprogram på Internett. Eit eksempel er Jaycut som er utvikla av svensken Jonas Hombert.
Videoredigering med VideoSpin
VideoSpin er eit videoredigeringsprogram frå Pinnacle. Programmet er berekna på amatørar, og du kan laste det ned heilt gratis frå Internett. Du kan bruke VideoSpin til å klippe og setje saman videofiler, og til å legge på musikk, lydeffektar og tekstplakatar.
Captureprogrammet DVIO
For å hente inn videoklipp frå eit filmkamera eller ein videospelar treng du eit tilleggsprogram. Då kan du for eksempel bruke DVIO som også er eit gratisprogram som du kan laste ned frå nettet.
Rediger YouTube-video med WeVideo
WeVideo er eit nytt online videoediteringsprogram som er integrert med YouTube. Programmet er ei vidareutvikling av videoeditoren i Creaza og er laga av det norske selskapet Inspera.
Du kan laste opp eigne videoklipp, lydfiler og stillbilete. Desse trekk du så ned på ei tidsline. Du kan klippe og tilpasse dei ulike video- og lydfilene på tidslina, og du kan krysse og fade inn og ut lyd og video. Programmet inneheld gratis musikkfiler, lydeffektar og overgangseffektar som du kan bruke saman med eigne filer.
Gratisversjonen har ein lagringskapasitet på 1 GB, og du kan eksportere 15 minutt film per månad til Facebook, YouTube, Vimeo eller Twitter.

