Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Transporttenester - kva har du lært?

1. Kva er dei viktigaste valkriteria for bedriftene når dei skal velje
godstransport?

2. Kva for ei transportform er mest aktuell når vi skal gjennomføre svært lange passasjerreiser?

3. Karina bur i Oslo og skal reise ein dagstur til Lillehammer. Ho
disponerer privatbil. I tillegg har ho høve til å reise både med
tog og buss. Kva for ei transportform vil du tilrå Karina å velje?
Grunngi valet.

4. Du skal reise åleine på ein dagstur frå heimstaden din til
næraste by.

  1. Set opp alle alternativa du kan bruke.
  2. Finn ut kor lang reisetid du får tur–retur for kvart alternativ.
  3. Finn ut kor mykje det kostar å reise tur–retur for kvart alternativ.
  4. Finn ut kor lang fråværstid kvart alternativ gir, altså kor lang tid det går frå du startar til du er heime att.
  5. Vel alternativ.

Bruk gjerne skjemaet nedanfor under arbeidet. Kompletter med fleire rader om nødvendig.

  • Skjema – planlegging av reise (DOC)

  • 5. Etter at du er komen heim frå turen i oppgåve 4, planlegg du
    å gjere turen på nytt som gruppereise saman med resten av
    klassen. Korleis vil du gjennomføre denne turen?
    Bruk skjemaet frå oppgåve 4.

    6. Kva slags transportformer vil du kombinere om du skal
    transportere ferske fiskeprodukt frå Noreg til Japan?

    7. Kva var hovudkriteriet då du valde den aktuelle kombinasjonen
    i oppgåve 6?

    8. Du arbeider som yrkessjåfør for Bring og veit at kundane legg
    vekt på pris og total transporttid når dei skal velje transport.
    Forklar korleis du som godssjåfør kan medverke til at bedrifta
    du arbeider i, blir førstevalet for transportkjøparar.

    9. Nemn nokre verkemiddel som styresmaktene bruker for å
    påverke reisemiddelfordelinga mellom bil, tog, fly og båt.

    10. Kva legg offentlege styresmakter mest vekt på når dei kjøper
    inn offentlege transporttenester ved å bruke anbod?

    CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
    Sist fagleg oppdatert 05.12.2017

    Læringsressursar

    Transporttenester