Hopp til innhald

Fagstoff

Å velje transport

Kriteria for val av transport varierer med transportbehovet vi har. Næringslivet og det offentlege vel transportørar ut frå behova sine. Som privatperson vel vi transportform ut frå kva som er mest tenleg i den situasjonen vi er i, eller om vi skal reise kort eller langt.
Illusian Il-76 fraktfly
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kriteria for val av transportør

Dei tre viktigaste kriteria som bedriftene bruker når dei skal velje transportør for varetransportar, er:

  • Transporttid – den tida ei vare er under transport. Kort transporttid gir rask tilførsel av nye varer, og bedriftene sparer dermed lager.
  • Transportpris – fraktkostnaden som kunden må betale for å få sendt varer frå seljarane. Kunden må betale summen av vare- og transportprisen.
  • Påliteleg transport – den evna transportøren har til å halde avtalte leveringstider. For mange bedrifter er det avgjerande å få tilført råvarer i takt med produksjonen og salet. Då er påliteleg transport viktig.

Bedriftene kan òg velje transportør ut frå særskilde kriterium, som til dømes:

  • Fleksibilitet – evna transportøren har til å møte uventa transportbehov som kan melde seg for ein kunde. Ved sesongbasert etterspørsel svingar transportbehovet i tråd med sesongane.
  • Kapasitet – den samla transportkapasiteten ein transportør kan tilby. Landsdekkjande varekjeder ønskjer til vanleg å bruke eit fåtal transportørar. Kjedene vel derfor ofte transportør ut frå den samla transportkapasiteten til transportøren og det geografiske dekningsområdet hans.
  • Sikring av last – dei tiltaka transportøren set i verk for å sikre lasta under transport og ved handtering på terminalen. Bedrifter som transporterer dyre varer, som avansert elektronikk, eller følsame varer, som tobakk, medisin, pengar, legg stor vekt på lastsikring ved val av transportør.

Oppgåve

Kan du komme på andre kriterium som bedriftene legg til grunn når dei skal velje varetransportør?

Kriteria for val av transportør for forretningsreiser

Mange vare- og tenestebedrifter har behov for omfattande reiseaktivitet. Forretningsreiser er dyre fordi arbeidstakarane normalt skal ha lønn også medan sjølve reisa går føre seg. Den transportforma som gir raskast transport, blir oftast vald.

Kriteria når offentlege styresmakter vel transportør

Offentlege styresmakter må bruke anbod når dei kjøper transport for store summar, til dømes skuleskyss, kollektivtransport, snøbrøytingstenester og andre oppdrag som det offentlege står for. Slike oppdrag blir stadig kunngjorde i Doffin-databasen.

Til vanleg vel det offentlege den transportøren som innfrir alle krava i anbodsdokumentet til lågast pris.

Eit døme på kva ei bedrift og ein sjåfør kan gjere

Peder arbeider som godssjåfør og transporterer varer til mange bedrifter. Bedrifta til Peder legg vekt på å ha ein moderne vognpark med den nyaste teknologien. Det gir konkurransefordelar i form av lågare avgifter. I tillegg bruker motorane mindre drivstoff. Bedrifta legg òg vekt på å vere påliteleg og transportere varene til avtalt tid. Bedrifta satsar på gode rutinar for lastsikring slik at kundane veit det er trygt å sende varene med Peder si bedrift.

Peder prøver alltid å køyre økonomisk. Han veit at han kan redusere forbruket av drivstoff med inntil 20 % med ein økonomisk køyremåte.

Peder legg stor vekt på å vise omsyn i trafikken og respekterer fartsgrensene og reglane om sikring av last. Han og kollegaene hans har ikkje vore innblanda i eit einaste uhell dei to siste åra. Bedrifta har dermed spart ein stor sum i forsikringspremie.

Varetypen og transportlengda påverkar valet av transportform

Transportlengda og godstypen er ofte avgjerande ved val av transportform. Tabellen nedanfor viser typiske transportformer for ein del varetypar over korte, mellomlange og lange avstandar.

Bilen har sin styrke ved at han har stor fleksibilitet på stutte og mellomlange avstandar. Banetransport har sin styrke når transportoppdraget går over lengre avstandar. Ved globale transportar er båt bortimot einerådande. For postsendingar og ferske sjømatprodukt over lange avstandar er ofte kombinasjonen bil og fly einaste alternativ.

VaretypeTransportform
Korte AvstanderMellomlange AvstanderLange Avstander
Stykkegods

BilBil, tog og båtBåt
Løsmassar
snø, jord,
anleggsmasser

BilBil og båtBåt
Bulkvarar
Korn, mel,
drivstoff, malm

BilBil og båtBåt
Ekspressgods

BilBil og fly-
Ferske
sjømatproduktar

BilBil, tog og båtBil og fly

Tabell – transportform
Forfattar: Gunnar Ottesen

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 05.12.2017

Læringsressursar

Transporttenester