Hopp til innhald

Fagstoff

Grå stær – katarakt

Linsa i auget er normalt klar. Ved katarakt blir ho grå og ugjennomsiktig. Dette er den mest utbreidde augesjukdommen og ei normal aldersforandring som gir tåkete syn. Dei fleste over 70 år har grå stær i nokon grad, men vi kan også få det på grunn av sjukdom eller som biverknad av medisinar.
Katarakt (Grå stær)
Opne bilete i eit nytt vindauge

Symptom:

Katarakt utviklar seg på den måten at ein først blir nærsynt og kanskje ikkje treng lesebriller lenger. Snart følgjer også tåkesyn, og det er typisk at ein ser dårlegare ute enn inne. Ein kan få tåkesyn, bli blenda, få dobbeltsyn og bli nærsynt, og dette set grenser for korleis ein kan leve livet sitt. Det kan bli vanskeleg å lese, køyre bil og vere ute i sollyset. Katarakt er sjeldan smertefullt og treng ikkje å gi plager dersom forandringane i linsa er små.

Behandling

Den einaste behandlinga for katarakt er operasjon. Inngrepet er enkelt og blir gjort på 20 minutt ved at ein byter ut den gamle linsa med ei ny i plast.

På nettsidene til Norges Blindeforbund kan du sjå korleis synet til ein pasient med grå stær blir.

CC BY-SASkrive av Norges Blindeforbund.
Sist fagleg oppdatert 06.11.2018

Læringsressursar

Nedsett funksjonsevne