Hopp til innhald

Fagstoff

Grøn stær – glaukom

I Noreg har ca. 40 000 personar grøn stær. Sannsynlegvis har ytterlegare 20 000 menneske denne augesjukdommen utan å vite det.
Glaukom (Grønn stær). Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når ein person har fått grøn stær, blir trykket inni auget for høgt. Dette øydelegg sjølve synsnerven, pasienten kan få betydelege skadar i synsfeltet, og han eller ho kan bli blind. Sykdommen forekommer i alle aldersgrupper, men er hyppigere hos de eldre.

Det er to typar grøn stær

Den vanlegaste er ein kronisk type som gradvis og utan smerter svekkjer synet. Den andre er ein akutt variant som gir tåkesyn og ubehag i auget, følgt av smerter, raude auge og dårleg syn.

Symptom

Glaukom gir utfall i synsfeltet. Den vanlegaste varianten av sjukdommen er nærmast symptomfri inntil mykje av synet er vekk. Augeundersøkingar kan påvise sjukdommen før det går så langt, og ein kan setje i gang behandling. Det er ikkje uvanleg at pasienten er ømfintleg for lys, har hovudpine og blir sliten i auga.

Utfallet i synsfeltet gjer det vanskeleg å orientere seg.

På nettsidene til Norges Blindeforbund kan du sjå korleis synet kan bli for ein person med glaukom.

Behandling

Den vanlegaste behandlinga av glaukom handlar om å senke trykket i auga med augedropar, og sjansane for å berge synet er store. Det gjeld å oppdage sjukdommen så tidleg som mogleg, slik at ein kan bremse sjukdomsutviklinga.

Skadar som allereie er oppstått, lèt seg ikkje reparere, men ein kan behandle glaukom med laser, operasjon eller ein kombinasjon.

CC BY-SASkrive av Norges Blindeforbund.
Sist fagleg oppdatert 06.11.2018

Læringsressursar

Nedsett funksjonsevne