Hopp til innhald

Fagstoff

Yrkessjåfør

Ein yrkessjåfør må kunne bruke IKT-system i transportbransjen. Bussjåførar må meistre betalingssystem for persontransport. Godssjåførar må kunne sporingssystem for gods. Yrkessjåførar må også kunne bruke IKT-systema i køyretøyet (som fartsskrivar, temperaturlogg, økonometer og så bortetter).
Opne bilete i eit nytt vindauge

Godssjåfør

Emma arbeider som yrkessjåfør for ein samlastspeditør. Når kundane leverer inn kolli på ein terminal, blir alle kollia merkte med eit unikt sendingsnummer. Ved innanlands transport er dette det same som nummeret på fraktbrevet. Avsendaren får kopi av sendingsnummeret og formidlar det til mottakaren. Ved hjelp av sendingsnummeret kan kundane sjølve spore sine kolli under transport.

For at dette skal vere mogleg, skannar Emma sendingsnummera etter kvart som ho lastar kollia i konteinarar. Når alt er lasta, plasserer Emma skannaren i ein dokkstasjon. Alle data blir då automatisk overførte til eit søkbart register. Ved hjelp av ei Internett-adresse og eit sendingsnummer kan avsendaren no spore kollia under transport ved å slå opp i registeret.

Når Emma kjem fram til mottakarterminalen, skannar ho kollia på nytt. Om eit kolli blir spora på dette tidspunktet, kjem det informasjon om at sendinga er registrert innlevert på mottakarterminalen.

Etter at Emma har levert kollia på mottakarterminalen, tek Nazir over og køyrer kollia ut til mottakarane. Nazir skannar kollia på nytt når han leverer ut varene til mottakaren. Tilbake på terminalen set han skannaren i ein dokkstasjon. Alle som no prøver å spore eit kolli, får informasjon om at kolliet er levert til mottakaren.

Forslag til øving

  • Bestill ei vare på nettet. Dersom du skulle angre kjøpet, er ikkje det noko problem – du kan då returnere vara før angrefristen som gjeld ved nettkjøp, er ute.
  • Spor pakken ved hjelp av sendingsnummeret med jamne mellomrom, slik at du følgjer med på ferda til pakken under transporten.

Bussjåfør

Kjell arbeider som bussjåfør. Om sommaren køyrer han ofte turbuss og må då vere både sjåfør og guide. For å førebu seg går Kjell nøye gjennom reiseruta. Han bruker Internett til å hente fram informasjon om turistattraksjonar og planlegg nødvendige stopp undervegs i samband med slike turistmål.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 25.06.2018

Læringsressursar

Bruk av digitale verktøy