Hopp til innhald

Fagstoff

Vektar

Ein vektar skal kunne planleggje og gjennomføre vakthald hos kundar. I tillegg skal vektaren kunne handtere automatiske varslings- og overvakingsanlegg for produksjonsprosessar, innbrot og brann.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Randi arbeider som vektar i tryggingskontrollen på ein flyplass. Tryggingskontrollen sjekkar både passasjerar og bagasje.

Somme gonger kontrollerer Randi passasjerbagasjen ved hjelp av gjennomlysing. Dersom ho oppdagar væsker, spisse gjenstandar, verktøy eller anna som ikkje er lovleg, varslar ho dei andre vektarane. Dei tek så passasjeren og bagasjen til sides og legg beslag på gjenstandar som ikkje er tillatne.

Andre gonger kontrollerer Randi passasjerane når dei passerer ein metalldetektor. Dersom detektoren pip, må passasjerane fjerne gjenstandar som kan gi utslag (som til dømes sko, beltespenner og liknande) og passere detektoren på nytt. Gir han framleis utslag, bruker Randi ein handdetektor og skannar passasjeren frå topp til tå.

Forslag til praktisk øving

Du er vektar og får i oppdrag å kontrollere brannalarmane i eit bygg. Brannalarmane er dei same som blir nytta i private heimar.

  • Korleis vil du gjennomføre kontrollen?
  • Kor ofte skal ein gjennomføre slike kontrollar?

Tips

  • Bruk Internett.
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Bruk av digitale verktøy