Hopp til innhald

Fagstoff

Salsmedarbeidar

Salsmedarbeidarane må kunne ta i bruk ulike salsmetodar og kunne kommunisere og samhandle profesjonelt med andre. Dei må òg vere godt inne i IKT-verktøy som lettar kommunikasjonen, og ha innsikt i og kunne ta i bruk ny teknologi som blir utvikla.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hanne arbeider som salsmedarbeidar i ein daglegvarebutikk. Eduardo har handla og kjem til kassa for å betale for 1 liter heilmjølk og 1 kilo eple av typen Royal Gala. Han legg varene på transportbandet framfor kassa. Hanne registrerer strekkoden frå mjølkekartongen ved å skanne kartongen.

Epla har ingen strekkode. Hanne legg epla på vekta, trykkjer på PLU-knappen på kassa og tastar inn sifra 4173. Deretter betaler Eduardo for varene og får ei kvittering. Endå om Hanne berre har skanna ein strekkode og tasta inn eit PLU-nummer, får Eduardo ein kassalapp som inneheld artikkelnamn og pris på varene han har kjøpt, i tillegg til totalsummen.

Strekkode

Strekkoden på mjølkekartongen inneheld eit unikt varenummer på 13 siffer. 1 liter heilmjølk har varenummeret 7038010000065. Dei to første sifra (70) viser at vara er produsert i Noreg. Dei fire neste (3801) viser at Tine Meierier er produsenten. Dei seks neste sifra (000006) er varenummeret til Tine Meierier for 1 liter heilmjølk. Det siste sifferet (5) er eit kontrollsiffer. Varenummeret er så kopla til eit prisregister. Når varenummeret er registrert, veit systemet dermed kor mykje vara kostar.

PLU-kode

For varer som frukt og grønt betaler vi etter vekt. Kvart vareslag har sin unike PLU-kode («Price Look Up»). Royal Gala-epla har PLU-koden 4173, som er kopla til kiloprisen på Royal Gala-eple. Vekta syner kor mykje vara veg, prisen stammar frå prisregisteret.

Forslag til øving

Kjøp fire bananar. Noter kiloprisen frå hylla og ta vare på kassalappen. Veg deretter bananane og rekn ut kiloprisen ut frå hylleprisen du noterte.

  • Stemmer summen du betalte, med den oppgitte kiloprisen?
  • Stemmer PLU-koden på emballasjen med PLU-koden for
    bananar frå PLU-koderegisteret på Internett?
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 29.06.2017

Læringsressursar

Bruk av digitale verktøy