Hopp til innhald

Fagstoff

Trafikanten

Ein trafikant er eit menneske som bruker vegen for å komme seg frå A til B. Det er bilførarar, mopedførarar, mc-førarar, yrkessjåførar, unge og gamle, gåande og alle andre som er ute i trafikken.
Kjøreopplæring
Opne bilete i eit nytt vindauge

Menneska er tenkjande skapningar med evne til å handle slik dei sjølve finn best. Dei kan derfor finne på å ignorere eller oversjå ein del trafikksikringstiltak.

Haldningar

Vi kan seie at haldningar er dei kunnskapane og kjenslene vi har rundt noko. Gode haldningar vil då vere kunnskapar og kjensler som stemmer med regelverket og resten av trafikksystemet. Trafikksikringstiltak retta mot trafikanten er eit viktig og langsiktig arbeid. Gode haldningar utviklar seg over tid, og grunnlaget blir lagt alt i barneåra.

Ungdomsulykker

Ungdomsulykker er noko av det mest tragiske som kan råke ein familie og eit samfunn. Gode førebyggjande tiltak er eit viktig arbeid, og førarkortopplæringa er kanskje det viktigaste tiltaket. Denne opplæringa prøver å gi deg tilstrekkelege kunnskapar og rutine før du blir sleppt ut i trafikken på eiga hand, og det er eit viktig tryggingstiltak. Dei fleste er også redde for å miste førarkortet, slik at trafikksikringstiltak som går på retten til å køyre eit motorkøyretøy, kan gjere sitt til at fleire følgjer dei reglane som gjeld.

Trafikalt grunnkurs

Då du gjekk i 10. klasse i ungdomsskulen, kunne du ta fatt på det trafikale kjørekurset. Elles er aldersgrensa 15 år. Du skal ha gjennomført dette kurset før du byrjar å øvingskøyre. Dette er eit trafikksikringstiltak som er retta mot trafikanten, og årsaka er at det er lurt å gi kunnskapar før den praktiske rutinen når haldningar skal skapast.

Mopedførar

Dersom du er ferdig med det trafikale grunnkurset og går i 10. klasse, kan du øvingskøyre med moped endå du ikkje har fylt 15 år. Som mopedførar er det viktig at du sikrar deg så godt du kan. Som liten mopedist kan du vere nokså usynleg i trafikken, og eit godt tiltak er å ta på seg ein gul refleksvest. Høvelege klede og sko høyrer òg med, i tillegg til hanskar. Dette er tiltak du sjølv set i verk. Hjelm er påkravd når du køyrer moped eller mc, og hjelmen bergar mange liv kvart år.

Øvingskøyring med bil

Du kan ikkje øvingskøyre med bil før du er 16 år. Då er det lurt å ta timar på ein trafikkskule før du byrjar å køyre med mor og far, slik at du får eit godt og riktig grunnlag. Deretter skal du øve så mykje som råd heime. Grunnen til det er at ein fersk sjåfør med berre nokre timar i skulebilen er svært utsett for ulykker den første tida han køyrer åleine. Med litt praktisk øving blir ulykkesrisikoen monaleg redusert. Når du har øvd deg mykje før du tek førarkortet, skaffar du deg røynsle og reduserer risikoen for ulykker atskilleg. Derfor er dette eit trafikksikringstiltak som det knyter seg store forventningar til. Når du er 18 år, kan du gå opp til førarprøven og køyre åleine.

Yrkessjåførar

Yrkessjåførar på tyngre kjøretøy er etter dei nye reglane pålagde ei omfattande utdanning. Dei må gjennom eit kurs på opptil 280 timar før dei kan utøve yrket. Dette er reglar som er fastsette av EU, og kurset skal føre til at transportkvaliteten blir betre, konkurransevilkåra like og trafikktryggleiken betre. I tillegg skal yrkessjåførane gjennom eit oppdateringskurs kvart femte år.

Trygg Trafikk

Trygg Trafikk er ein organisasjon som har som mål å hjelpe til i trafikksikringsarbeidet før du tek førarkortet. I barnehagen og i grunnskulen må det òg drivast eit målretta trafikksikringsarbeid om ein skal oppnå gode haldningar seinare i livet. Saman med Statens vegvesen driv Trygg Trafikk også haldningskampanjar for russen.

Gutar og jenter i trafikken

Når ungdommar mister livet i bilulykker, er det helst slik at gutar blir drepne som bilførarar, medan jenter mister livet som passasjerar. Gutane er ofte meir utagerande enn jentene. Dei køyrer fortare, meir uvørde og har eit slags behov for å synast. Jentene er derimot meir varsame og viser ofte betre trafikal vurderingsevne enn gutane. Eit trafikksikringstiltak med tanke på å redusere ungdomsulykkene er å påverke jentene til å seie ifrå. Gutar høyrer ofte på jenter, og når jentene fortel at dei ikkje synest det er tøft, vil siktemålet ofte vere oppnådd.

Helse, miljø og sikring

HMS er ei forkorting for helse, miljø og sikring (tryggleik). Det er lovfesta at alle verksemder skal drive eit aktivt HMS-arbeid. I mange andre yrke enn sjåføryrket kan bilbruk vere ein del av jobben. Mobile vektarar skal køyre rundt for å kontrollere og sjå etter, seljarar skal vitje kundane, helsepersonell oppsøkje pasientar heime, og handverkarar skal til byggjeplassar. Mykje av arbeidstida går med i trafikken. Trafikktryggleik som ein del av HMS-arbeidet har ikke hatt nokon stor plass. Det finst prosedyrar for korleis saga skal brukast og trappa skal gåast, men ingen ting om korleis bilen skal brukast. Dette er eit satsingsområde innanfor trafikksikringsarbeidet. Ein skal no leggje opp til å sjå HMS og trafikktryggleik i samanheng.

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Trafikk og transport