Hopp til innhald

Fagstoff

Styring

Tenk deg at du skal ut ein kveld og får formaningar av foreldra dine. Dei kan seie «gjer ikkje slik, men sånn» og «kom heim før klokka 22». Dette er eit døme på styring. Foreldra dine prøver å styre deg ved hjelp av eit sett reglar. Slik er det også i trafikken.
Trafikkskilt
Opne bilete i eit nytt vindauge
Trafikk pyramide
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit viktig trafikksikringstiltak er eit godt regelverk som blir følgt. Dette regelverket ber namnet vegtrafikklovgivinga og omfattar både lover, forskrifter og retningslinjer gitt gjennom EU, og som vi har forplikta oss til å følgje.


Om du tenkjer deg vegtrafikklovgivinga som ein pyramide, er vegtrafikklova av 18. juni 1965 nr. 4 sjølve fundamentet. Denne lova gir berre generelle retningslinjer og straffepåbod. Som du kan sjå, er lova gammal, men det er mindre viktig fordi det er ei fullmaktslov. I lovteksten står det nemleg at departementet kan gi nærare reglar. På den måten kan eit regelverk heile tida vere à jour med samfunnsutviklinga.

Desse nærare reglane kallar vi forskrifter. Trafikkreglane heiter eigentleg forskrift om køyrande og gåande trafikk av 21. mars 1986. Slike reglar gir meir detaljerte instruksar om korleis køyrande og gåande skal bere seg åt. Ei forskrift kan lett endrast, medan ei lovendring krev stortingshandsaming og tek mykje lengre tid.

Forskrifta om køyre- og kviletid er eit trafikksikringstiltak vi har forplikta oss til å følgje gjennom EØS-avtalen. Dette er reglar for kor lenge ein yrkessjåfør kan køyre, og kor ofte og kor lenge han må kvile. Det er gjort for å ta hand om tryggleiken på veg. Tenk deg sjåførar som lastar om dagen og køyrer om natta. Er det rett at tryggleiken din skal bli redusert av trøytte sjåførar?

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Trafikk og transport