Hopp til innhald

Fagstoff

Køyretøyet

For 100 år sidan var bilane svært firkanta i forma, så blei dei noko rundare, og i dag er ein moderne bil avrunda med det vi kallar aerodynamiske linjer. Det vil seie at bilen er utforma for å minske luftmotstanden. Bilane er også utforma med tanke på at ein fotgjengar skal bli minst mogleg skadd ved ein påkøyrsel.
Familiepiknik med Mercury stasjonsvogn
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den største skilnaden ser du ikkje. Det gjeld elektronikken som er bygd inn i bilane for at trafikken skal bli tryggare. Vi skil mellom passiv og aktiv trygging.

Passiv trygging

Når bilen er støytabsorberande, er det ei passiv trygging. Det vil seie at sjølve kupeen der føraren og passasjerane sit, er stiv og formar eit skjermande bur. Fronten og bakdelen av bilen skal vere mjuke og dempe støyten ved ein eventuell kollisjon. I sidene skal det vere stålbjelkar som gjer at bilen ikkje blir pressa saman under en sidekollisjon.

Aktiv trygging

Beltestrammar på bilbelta og kollisjonspute («airbag») er døme på aktiv trygging. Det er viktig å merke seg at utan bruk av bilbelte kan kollisjonsputa vere direkte farleg. Puta blir utløyst av ein liten sprengladning som blæs opp puta i raskt tempo. Ved ein kollisjon vil personar utan bilbelte stupe framover, og møtet med puta kan vere drepande.

ABS-bremser

Elektronikken har òg ført til at vi har fått bremser som ikkje låser hjula på bilen, heller ikke ved nødbremsing. Det gjer at føraren i tillegg til å bremse også styrer unna farlege situasjonar. Dette systemet kallar vi i daglegtale ABS-bremser.

Intelligente system

Siste nytt er intelligente bilar som kan «snakke» saman. Dette er ikkje komme i vanleg bruk enno. Tenk deg at det har skjedd ei ulykke i ein sving, og det kjem ein bil som må bråbremse. Bilen sender då ut signal slik at neste bil får eit varsel og kan bremse ned utan at føraren er borti bremsepedalen. Denne bilen sender så ut nye signal, og så bortetter. Eit anna system som delvis er teke i bruk, er å sikre korrekt avstand til bilen framanfor automatisk. Er avstanden for liten, vil bilen sjølv tilpasse avstanden slik at han også hindrar påkøyrsel bakfrå. I åra framover vil det komme mange slike finessar.

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Trafikk og transport