Hopp til innhald

Fagstoff

Veg

Vegtransporten er den transportforma som er mest utsett for ulykker. Trafikksikringstiltaka rettar seg mot alle delar av trafikksystemet og er eit omfattande arbeid. Det skal du få lære om no.

Trafikkulykker

Det er vegtrafikken som krev flest liv i norsk transport. I 2010 miste 208 menneske livet i vegtrafikkulykker. Det var fire færre enn året før og det lågaste talet på 57 år.

Dei 208 omkomne fordelte seg på 110 bilførarar, 39 bilpassasjerar, 26 motorsyklistar, 5 syklistar, 22 fotgjengarar og 6 i kategorien andre trafikantar. Ingen mopedistar omkom på vegane i 2010. 76 % av dei omkomne var menn.

9130 personar blei skadde i trafikken i 2010, og det var 714 færre enn i 2009 og det lågaste talet på trafikkskadde på 44 år. Til samanlikning viser tala eit årleg gjennomsnitt på 250 omkomne og 11 215 skadde for perioden 2001–2010.
(Kjelde: SSB)

Dersom vi ser på bilparken i høve til veglengda, hadde kvar bil i 1945 nesten ein halv kilometer veg til disposisjon. I dag disponerer kvar bil berre vel 30 meter. Biltettleiken har auka, medan dødstala har gått ned. Det tyder på at det er gjort noko riktig i trafikksikringsarbeidet på veg, og det er eit viktig steg i arbeidet mot nullvisjonen.

Trafikksystemet

Vegtrafikksystemet omfattar fire delar. For det første har vi vegen. Noreg har over 90 000 kilometer veg som inngår i trafikksystemet. Det er meir enn to gonger rundt jorda ved ekvator.

Så har vi køyretøya som skal bruke vegen. I Noreg er det i alt 2,3 millionar bilar av ulike slag. Personbilar er det flest av, og dei tel 1,9 millionar. Det vil seie at det er om lag 2,6 nordmenn per personbil.

For at det ikkje skal bli kaos i trafikken, er det nødvendig med styring. Styresmaktene gir reglar som vi skal følgje, og reglane skal vere kjende for alle. Somme hevdar at om alle følgde trafikkreglane, ville alle helsekøar bli borte. Det er noko å tenkje over.

Til sist har vi trafikantane. Dei er kanskje den viktigaste delen i heile systemet. Det hjelper ikkje kva slags tiltak ein set i verk for å sikre vegtrafikken, om ikkje trafikantane følgjer lovene og reglane. Det hjelper heller ikkje at vegane blir tryggare, om vi ikkje bruker dei slik det er tenkt. Og det hjelper heller ikkje med tiltak i køyretøya om dei ikkje blir tekne i bruk. Bilbeltet er kanskje det som kan berge flest liv, om alle brukte det.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.11.2017

Læringsressursar

Trafikk og transport