Hopp til innhald

Fagstoff

Luft

Luftfarten er kjend for sin kultur for tryggingsarbeid. No skal du få lære om trafikksikringstiltak innanfor luftfarten og særleg om to typar tryggingsarbeid: «safety» og «security».

Trafikken i lufta er sterkt overvaka og regulert. I 2008 var det ingen i Noreg som miste livet som følgje av ulykker i kommersiell luftfart. Flyging på hobbybasis er frårekna. I alt var det 58 hendingar som førte til at 21 menneske fekk eit sjukefråvær. Vi kan derfor hevde at luftfarten er ein trygg arbeidsplass med tanke på liv og helse.
(Kjelde: SSB)

I heile verda var det 583 menneske som blei drepne i sivile flyulykker i 2008, så det er viktig å halde fram med tryggingsarbeidet. Ei ulykke i lufta får gjerne fatale konsekvensar for mange menneske. Flytrafikken er internasjonal, og Noreg må følgje dei internasjonale reglane og retningslinjene som gjeld for sivil luftfart.

Trafikksikringstiltak

Vi deler gjerne trafikksikringstiltaka i to: «Security» er tiltak før flyreisa, og vi merkar det best som kontroll av passasjerar, bagasje og gods før ombordstiging. «Safety» er tiltak som rettar seg mot tryggleiken under sjølve flyginga.

Tryggingskontroll

Flytrafikken er eit terroristmål. Det viste tydeleg hendingane i USA 11. september 2001. Eit menneske med farlege planar kan gjere stor skade, og då blir det nødvendig å kontrollere kva passasjerane har med seg om bord i flyet. Kontrollen er skjerpa opp gjennom åra. Først var det knivar og stikkreiskapar ein såg etter, no er det i tillegg elektroniske apparat og sprengstoff i fast eller flytande form.

For dei reisande kan kontrollen verke unødvendig og irriterande, men han er heilt nødvendig for å sikre tryggleiken. Handbagasjen blir skanna i avansert røntgenteknologi. Den sende bagasjen blir også skanna, men det kan ikkje dei reisande sjå. Det same skjer med alt godset som blir transportert inn til flyplassområdet.

Alt personell som arbeider innanfor tryggingssona på ein flyplass, skal sikringsklarerast. I dag er det Avinor som gjer dette, men det kan bli ei politioppgåve om ikkje lenge.

Vegnett i luftrommet

Eit trafikksikringstiltak i flytrafikken er å skape eit vegnett i lufta. Vegnettet som flya følgjer, kallar vi luftleier. Dei går i ulike høgder slik at dei ikkje kjem i konflikt med kvarandre. Det heile blir overvakt på radar av ein flygeleiar som har ansvaret for det aktuelle luftrommet. For å avgrense mengda fly i luftrommet får flya ei «slot»-tid. Eigentleg heiter det «computer takeoff time» («ctot»), og er tidspunktet flyet skal ta av på. På den måten får flyet løyve til å vere i eit definert luftrom til fastsette klokkeslett. Greier ikkje flyet å halde avgangstida, må det tildelast ny tid, og store forseinkingar blir resultatet. Mange fly i lufta aukar samstundes faren for ei ulykke.

Flyradar

Dersom du klikkar deg inn på lenkja nedanfor, vil du sjå flytrafikken i det området du vel. Informasjonen kjem frå transponderen i flyet og er den same som flygeleiarane får inn på sine skjermar.

Flyradar
Opne bilete i eit nytt vindauge

GPS-navigering

For nokre år sidan navigerte flya etter radiofyr. Dette er no avløyst av GPS-navigering. Kanskje har du GPS på telefonen din, og då ser du heile tida kvar du er. Etter kvart vil GPS også bli brukt ved innflyginga til flyplassane.

ILS – «Instrument Landing System»

Når flyet skal lande, skjer innflyginga mot flyplassen etter ein radiostråle. Denne strålen kallar vi ILS eller «instrument landing system». Piloten får då melding om kva høgd flyet har, og korleis flyet ligg i høve til radiostrålen. Når piloten følgjer denne radiostrålen, vil flyet lande i «touchdown»-sona, som er mellom dei store «gangfelta» i kvar ende av rullebanen.

Livsfarleg leiketøy

Eit nytt leiketøy som er kome i handelen, er laserpennar. Du har kanskje lese i avisa om pilotar som nokon prøver å blende med lyset frå slike pennar. Det er ein livsfarleg leik som i sin fulle konsekvens kan føre til at hundretals menneskeliv går tapt. Om piloten blir råka, vil nattsynet forsvinne. Særleg i landingsfasen er det kritisk.

Erlend Hjortland Sandøy
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk deg denne situasjonen: Du kjenner nokon som driv med dette, og ein dag får dei inn ein «fulltreffar». Flyet byrjar å vingle og krasjlandar. Med ein gong tek det til å brenne, og etter berre nokre sekund er flyet overtent. Kva trur du dette vil gjere med livet til dei som «berre leikte»?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 29.11.2017

Læringsressursar

Trafikk og transport