Ulike analysemodellar

«Ingenting er så praktisk som ein god teori.»
Utsegna minner oss om at ein teori er nyttig når ein skal prøve å forstå eit fenomen. Ein teori er ei forklaring av eit fenomen, ofte framstilt som motsetning til praksis – dugleik og handling. Andre forskarar kan utsetje ein teori for kritisk gransking og teste han. Dei kan godta teorien eller forkaste han.
Ein medisinsk teori prøver å forstå årsakene til helse og sjukdom. Praksis går ut på å gjere personen frisk. Teori og praksis kan ha tilknyting til kvarandre, men kan også brukast uavhengig av kvarandre. Ein kan forske på sjukdom og helse utan å ha ein spesiell pasient som objekt, og ein kan kurere ein pasient utan å ha innsikt i all teorien som dannar grunnlaget for behandlinga.
I dei føregåande kapitla har vi sett på ei rekkje eksempel på kommunikasjon i ei mangfaldig og fleirkulturell verd. Beskrivinga av globaliseringa, det fleirkulturelle Noreg, vår søking etter identitet og samanheng, gjer at vi ønskjer å finne noko verktøy som kan brukast til å drøfte og forstå kommunikasjonsfenomena.
Teoriar kan vere slike verktøy som kan hjelpe oss til å forklare og forstå.
Eit anna verktøy er modellar – det er forenkla bilde av det teoriane prøver å beskrive. Ein modell fokuserer på enkelte utvalde trekk som blir rekna som viktige for å forklare eit fenomen. Samtidig utelukkar denne modellen ein del trekk som blir rekna som mindre vesentlege.
Modellar vil aldri gi eit fullgodt bilde av det verkelege livet. Ein modell kan samanliknast med eit kart som, trass i forenklinga, kan brukast som eit nyttig verktøy. Ein god modell kan hjelpe oss til raskt å få eit visuelt bilde av ein kompleks røyndom på same måten som eit kart.
Vi har allereie gjort bruk av modellar i forklaringa av kommunikasjon. Sjå for eksempel kulturfiltermodellen som vi allereie har brukt mange gonger i dette læreverket. I omtalen av identitet brukte vi også forenkla modellar for å forklare kva vi meiner med identitet. I omtalen av flytteprosessen brukte vi u-kurva eller trivselskurva som er ein annen modell.
For å forklare eit så samansett fenomen som kommunikasjon kan vi bruke fleire og ulike modellar. Ulike modellar forklarer ulike sider av fenomenet; til saman gir dei ulike forklaringane eit meir fullstendig bilde av det komplekse fenomenet.
Eit velkjent bilde – eller modell – på kommunikasjon er å byggje bru. Ei bru bind saman to ulike breidder. Kommunikasjon er å binde saman dei to ulike sidene med kvarandre – å skape fellesskap over kløfta – anten det er ved hjelp av jernbane, vegar, mobiltelefonar, fjernsyn, andre media eller ved å møtast ansikt til ansikt.
Bygging av Berlinmuren
Fotograf: SCANPIX SWEDEN
Det motsette av å byggje bru er å byggje murar. Ein mur stengjer partane frå kvarandre og fører til isolasjon. Isolasjon er det motsette av kommunikasjon. Med desse omgrepa har vi allereie innført modellar: bru eller mur. Dei visualiserer – synleggjer – noko som i røynda er ganske komplekst.
Ein analyse er ei systematisk undersøking av eit fenomen, ei sak, ein gjenstand eller eit omgrep. Ein prøver å finne ut korleis fenomenet eller omgrepet er samansett av ulike delar. Den enkelte delen kan bli objekt for ein ny analyse inntil ein oppnår ein ønskt presisjon eller ei forklaring.
Det motsette av analyse er ein syntese. Ved ein syntese prøver ein å setje saman ein eller fleire delar for å oppnå oversikt eller noko nytt.
I dette kapitlet skal vi ta for oss ulike analysemodellar for å studere det tverrfaglege fenomenet kommunikasjon. Korleis kan vi analysere og forklare eit så samansett fenomen som kommunikasjon?
Vi skal ta for oss prosessorienterte analysemodellar som er opptekne av kommunikasjonsprosessen, semiotiske modellar som fokuserer på korleis vi dannar meining på grunnlag av teikn, konstruksjonistiske modellar som hevdar at meiningane våre er konstruksjonar, som har blitt til i eit sosialt fellesskap, hermeneutiske modellar som viser korleis vi stadig utviklar forståing, og til slutt diskursanalyse som set søkjelyset på offentlege samtalar og debattar.
