Hopp til innhald

Fagstoff

Konfigurasjon av ruter

For at klientar skal kunne snakke saman på eit nettverk og ut mot Internett, må vi montere ein ruter i nettverket. Ruteren har som funksjon å knyte saman private datamaskinar med det offentlege Internettet.
Ruter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste av ruterane i dag er berekna for heimebruk, og små bedrifter har gjerne òg ein switch innebygd i eininga, for færre einingar i nettverket og mindre administrativt arbeid.

Basiskonfigurasjon av ein ruter består av å gi ruteren ein konfigurasjon som sørgjer for at klientar på innsida kan snakke saman, og at ein skal kunne komme seg på Internett.

Sjølve ruterinnstillingane er noko vi må setje opp manuelt, om dette ikkje er konfigurert på førehand.

Oppsett av DHCP-tenesta kan vi òg gjere manuelt. Vi kan anten bruke hele IP-rangen, eller vi kan bruke delar av denne. For eit normalt heimenettverk bør Lease Time her setjast til mellom tre til sju dagar.

Dokumentasjon

Å sørgje for dokumentasjon om ruteren er viktig. Korleis vi dokumenterer slike løysingar, er avhengig av storleiken på nettverket. På rutermodem som er førehandskonfigurerte, kjem gjerne dokumentasjonen i form av brukaremanualar og klistremerke med kodar for trådlause nett.

Vi har òg moglegheit for å ta utskrifter av oppsetta. Desse kan vi samle saman med annan dokumentasjon som vi opparbeider oss under eit oppdrag.

CC BY-SARettshavar: Arena IKT
Sist fagleg oppdatert 07.04.2017

Læringsressursar

Nettverkseiningar