Hopp til innhald

Fagstoff

Ruter og svitsj

For at fleire klientar skal kunne snakke saman på eit nettverk og ut mot Internett, må vi montere ruterar og svitsjar. Desse har som funksjon å knyte saman lokale datamaskinar for deretter å kommunisere med det offentlege Internettet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ruter

Dersom vi skal ha fleire subnett, eller vi ønskjer å kople saman fleire nettverk, kan vi ha nytte av ein ruter. Oppgåva til ruteren er å sende datatrafikk mellom fleire forskjellige nettverk.

Ruteren har ein tabell som viser dei nettverka han er kopla til (anten direkte eller via andre ruterar). Tabellen blir kalla ein rutingtabell. Avgjerda om kor ein pakke skal sendast vidare, blir teke ved å sjekke mottakaradressa til pakken opp mot tabellen. På den måten kan datatrafikk flyte mellom fleire ulike nettverk.

Dei fleste av dagens ruterar er berekna for heimebruk. Små bedrifter har gjerne også ein svitsj innebygd i eininga, slik at det blir færre einingar i nettverket og mindre administrativt arbeid.

Basiskonfigurasjon av ein ruter består av å gi ruteren ein konfigurasjon som sørgjer for at klientar på innsida kan snakke saman, og at ein kjem seg på Internett. Sjølve ruter-innstillingane må vi setje opp manuelt, om dette ikkje er konfigurert på førehand.

Oppsett av DHCP-tenesta kan også gjerast manuelt. Vi kan anten bruke heile IP-spekteret ("IP range"), eller vi kan nytte delar av det. For eit normalt heimenettverk bør leigetida ("lease time") setjast til mellom tre og sju dagar.

Svitsj

Ein svitsj er ei eining som styrer trafikken mellom fleire datamaskinar eller nettverk på same sub-nett, eller "broadcast domain".

Ein svitsj kan støtte fleire ulike overføringshastigheiter. Det er mogleg å la fleire svitsjar operere med ulike hastigheiter i det same nettverket. Men eit slikt oppsett kan fort gi mange flaskehalsar og avgrensingar, og dette kan setje ein effektiv stoppar for fri flyt av data. Nettverksbrytaren er forma slik at ressursane kan delast utan å redusere ytinga.

Ein svitsj har ei avgjerande rolle i forvaltinga av trafikken i eit datanettverk. Svitsj fungerer som eit trafikkstyresystem inne i nettverket og dirigerer datapakkar til rett destinasjon. Svitsj bruker vi også til å kople eksterne (andre) einingar til nettverket og sikre maksimal kostnadseffektivitet. Svitsj gir oss også høve til å dele ressursar.

Eit typisk oppsett av ein svitsj er to datamaskinar, ein skrivar og ein trådlaus ruter. Alle einingane er kopla til svitsj, og kvart element må vere konfigurert og rett tilkopla.

Når oppsettet er gjort, kan vi for eksempel få utskrift til den same skrivaren frå kvar og ein av datamaskinane på nettverket. Alle datamaskinar kan overføre filer til kvarandre. I tillegg er det mogleg, via alle andre maskinar som har eit trådlaust kort, å få tilgang til nettverket, skrive ut og overføre filer.

CC BY-SARettshavar: Arena IKT
Sist fagleg oppdatert 07.08.2017

Læringsressursar

Nettverkseiningar