Hopp til innhald

Fagstoff

Byggje datamaskin

Det å byggje ein datamaskin vil for mange høyrast ut som ei avansert oppgåve. Sanninga er at det er svært overkommeleg når ein først veit korleis det gjerast. Likevel er det nokre forholdsreglar ein bør ta.
Bygging av stasjonær PC. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Komponentar

Det er viktig at komponentane som skal vere i datamaskinen, passar saman. Dette må du sørgje for når du kjøper dei. Eksempelvis må du sørgje for at prosessoren passar i sokkelen (eng: socket) på hovudkortet. Du må også passe på at du har kjøpt riktige minnebrikker, og at dei passar til hovudkortet.

Diverse handverktøy og ESD-sikring lagt utover i sirkel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verktøy

Når du skal byggje ein datamaskin, bør du gjere klart nødvendig verktøy for å gjennomføre jobben. For å montere dei ulike delane treng du ein stjerneskrutrekkar for å skru dei fast. Til kabinett følgjer det ofte med såkalla «thumbscrews» som kan skruast fast med fingrane. Det kan også vere lurt å bruke strips for å organisere kablane slik at kabinettet blir meir ryddig. Ved å ta i bruk eit ESD-armband, eit såkalla antistatisk armband, vil du kunne sikre deg mot statisk elektrisitet. Krinskort er ømfintlege for statisk elektrisitet, og i verste fall risikerer du å øydeleggje komponentane dine. Dersom du ikkje har tilgang til slikt utstyr, kan du jorde deg ved for eksempel å ta på kabinettet.

Monteringsrettleiingar

Før du begynner å byggje datamaskinen, kan det vere lurt å setje seg inn i retteiingane til dei ulike komponentane du skal montere. Her kan det stå informasjon som både er nyttig og viktig for at du skal unngå å gjere feil. Sørg for at du tek vare på monterings- og brukarrettleiingar. Dei kan vere nyttige dersom du seinare må oppgradere eller feilsøke maskinvara i datamaskinen. Desse rettleiingane kan også lastast ned frå nettsidene til produsentane dersom du ønskjer dei i digitalt format.

Bygg din eigen PC (Komplett.no)

Bygging av "gaming-PC" (Komplett.no)

CC BY-SASkrive av Jan Frode Lindsø.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Val og kjøp av datamaskin