Hopp til innhald

Fagstoff

Produksjonskalkylar

For å kunne overleve må alle bedrifter over tid gi eit positivt økonomisk resultat. For å få til dette må inntektene vere høgare enn kostnadene, det vil seie at dei verdiane som blir skapte i bedriftene, må vere større enn dei som blir brukte.
Hender til ein som jobbar med penn, papir og kalkulator. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å skape forståing og motivasjon hos medarbeidarane må rekneskapstal og rapportar gjerast så relevante for den enkelte medarbeidaren som mogleg. Gjennom å lage avdelingsrekneskap eller produksjonslinjerapportar vil vi få fram kva innsatsen til den enkelte eller den enkelte gruppa betyr for innteninga.

Kostnad

Pengesetlar på eit bord. Foto.

I produksjonsøkonomien støyter vi ofte på uttrykka utgift og kostnad. Det er viktig å halde desse to omgrepa frå kvarandre. Utgiftene heng saman med sjølve innkjøpet av dei produksjonsmidla som skal brukast i verksemda. Ei utgift oppstår for eksempel ved eit innkjøp av råmateriale, energi og liknande til produksjonen. Kostnadene avheng derimot av forbruket. Så lenge dei innkjøpte materiala ikkje blir brukte i produksjonen, oppstår det heller ingen materialkostnader. For at kostnader skal kunne oppstå, må det vanlegvis produserast. Ei utgift (forplikting) oppstår i den augneblinken eit eller anna blir kjøpt inn, kostnaden i den augneblinken det blir brukt i produksjonsprosessen.

Faste og variable kostnader

Alle kostnader er anten faste eller variable. Dei faste kostnadene held seg uendra innanfor visse grenser uansett kor mykje eller lite det blir produsert. Eksempel på faste kostnader er lønnskostnader, utstyr, leige av lokale, admini­strasjon og liknande. Dei variable kostnadene varierer avhengig av produsert eller seld mengde. Eksempel på dette er kostnader til råvarer, emballasje, frakt av vare til kunden osv. Totalkostnaden er summen av faste og variable kostnader.

For ei bedrift som sel produkta sine til ein bestemt pris per tonn, er det naturlegvis tonnkostnadene som tel. Totalkostnadene er summen av dei faste og dei variable kostnadene i produksjonen.

Direkte og indirekte kostnader

Det er nødvendig å kjenne til skiljet mellom direkte og indirekte kostnader, spesielt når vi skal kalkulere pris på produkt eller i samband med nyinvesteringar.

Dei direkte kostnadene er variable og vedkjem berre produk­sjonen av det produktet vi skal kalkulere. Vi kan derfor utan vidare belaste produktet for desse kostnadene. Dei vanlegaste direkte kostnadene er materiale og lønn. Forbruket av materiale er den store kostnadsposten i den kraftintensive industrien. Indirekte kostnader kan ikkje tilskrivast eit bestemt produkt eller ein bestemt ordre. Indirekte kostnader er felleskostnader for bedrifta og kan ikkje førast tilbake til eit bestemt produkt eller ei bestemt produktgruppe. Eksempel på indirekte kostnader er renter, avskrivingar, hjelpemateriell og lønn til funksjonærar og tilsette i ved­likehald og stab.

Kalkylar

Vi må altså kunne rekne ut kva kostnader og inntekter produksjonen av eit produkt sannsynlegvis vil medføre. Ein kalkyle er såleis ein måte å rekne kostnader og finne prisar på, anten per kilo, per time eller per oppdrag eller jobb.

Det finst ingen fasit på korleis vi skal setje opp ein kalkyle, men vi skal her presentere ein vanleg måte, sjølvkostkalkyle.

Sjølvkostkalkyle

Hovudmålet for alle bedrifter er å gå med størst mogleg overskot. Det finst mange andre gode mål òg, men dette er trass alt viktigast. Salsprisen bør derfor dekkje alle kostnader og deretter gi forteneste. Når vi sjølve kan bestemme prisen, reknar vi vanlegvis ut prisen slik:

Salspris = sum av kostnader per eining + forteneste

Dette kallar vi ein rein sjølvkostkalkyle. Han er bygd opp av faktiske kostnader – altså sjølvkost – pluss fortenesta. Sjølvkostkalkylen blir oftast brukt av bedrifter som berre produserer eitt produkt. Sjå eksempelet på ein sjølvkostkalkyle per tonn.

Selvkostkalkyle


1.

Direkte materialkostnader

kr 2 000,-

2.

Materialtillegg
6% av direkte materialer

kr 120,-

3.

Direkte lønn inkl. sosiale utgifter
Avdeling A...
B...
C...


kr 1 500,-

4.

Div. direkte tilvirkningskostnader

kr 180,-

Tilvirkningskostnader

kr 3 800,-

5.

Administrasjonstillegg
10% av tilvirkningskostnadene


kr 380,-

6.

Salgskostnader
5% av tilvirkningskostnadene


kr 190,-

7.

Direkte salgskostnader
Selvkost

kr 130,-
kr 4 500,-

Brutto salspris

Dersom vi no, ut frå sjølvkostanalysen, vil berekne brutto salspris, må vi fastslå ei rimeleg forteneste i prosent av sjølvkost og leggje denne til det vi har berekna som sjølvkost.

Bidragskalkyle

Røynda er slik at vi sjeldan heilt kan bestemme prisen sjølv. Dei fleste sel produkta og tenestene sine på ein marknad der det er stor konkurranse. Prisen kan da vere gitt i marknaden. Det vil seie at vi ikkje kan oppnå høgare pris enn det konkurrentane tek. I slike samanhengar må vi setje eit ekstra søkjelys på kostnadene våre og korleis vi kan forsøkje å redusere dei.

Gitt salspris = direkte kostnader + dekningsbidraget

Dekningsbidraget er den delen av prisen som skal dekkje dei faste kostnadene og fortenesta.

Dette kallar vi ein bidragskalkyle, og det er den andre hovudforma for kalkyle vi opererer med i kalkulasjonen.

Vi kan enkelt seie at sjølvkostkalkylen er grunnlaget for å rekne ut ein ideell pris, mens

bidragskalkylen er den analysen vi gjer der prisen er gitt, og vi vil sjekke om det er nokon vits i å gå i gang med ein gitt
produksjon/jobb.

Når vi bruker bidragsmetoden, belastar vi ikkje dei enkelte produkta med nokon del av dei faste kostnadene. I staden finn vi differansen mellom salsprisen til produktet og dei variable kostnadene og undersøkjer på den måten om vi får eit "bidrag" til dekning av dei faste kostnadene og til forteneste.

Sjå eksempelet på ein sterkt forenkla bidragskalkyle for å finne ut om eit produkt eller ein ordre vil lønne seg å produsere.

Bidragskalkyle

Salgsverdi

kr 1 000

Direkte materialforbruk:

kr 400

Direkte lønn:

kr 300

Kraft:

kr 140

Div. variable kostnader

kr 50

Sum variable kostnader

kr 900

kr 900

Dekningsbidrag I

kr 100

Sum faste kostnader i avd.
(Faste særkostnader)

kr 50

Dekningsbidrag II

kr 50

(Beløp i 1000 kroner)

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2018

Læringsressursar

Frå idé til ferdig produkt