Oppgåve

Rolf Jacobsen: Signaler

Diktaren Rolf Jacobsen på arbeidsrommet sitt. Fotografiet er teke i 1990.

Portrett av forfattaren Rolf Jacobsen Rolf Jacobsen (1907–1994)  

Introduksjon

Rolf Jacobsen (1907–1994) blir rekna som ein av dei mest sentrale høgmodernistane i norsk lyrikk. Dikta frå debuten Jord og jern (1933) viser ein klar fascinasjon for den teknologiske utviklinga.

 

Men i likskap med andre modernistar ser Jacobsen på denne utviklinga også med ei grunnleggjande uro. Kva skjer om menneska mister kontrollen over teknologien? I diktsamlinga skildrar han mellom anna det einsame og til tider framand-gjorde mennesket i den moderne storbyen.

 

 

Oppgåve

Rolf Jacobsen: "Signaler"

Les diktet "Signaler" av Rolf Jacobsen.

 

  1. Eit nøkkelord i teksten er "signaler". Kva er eit signal? Kva bruker vi signal til?
  2. Kor mange avsnitt består diktet av?
  3. Diktet har ei tydeleg todeling. Kva for eit ord markerer overgangen til del to?
  4. Kva slags inntrykk av bylivet får vi den første delen av diktet? Er byen prega av rørsle eller ro, av stille eller støy?
  5. Korleis byggjer diktaren opp spenning og forventningar i teksten?
  6. Kva er "byens signaler", ifølgje Rolf Jacobsen? Kva for ei oppleving er desse signala knytte til?
  7. Kva vil du seie er tema i dette diktet?
  8. Peik på modernistiske trekk ved dette diktet. Tenk på både form og tematikk.