Noreg – reint, kreol eller hybrid?

At Noreg i dag skulle vere ein stat berre for «etniske nordmenn» ville vere heilt umogeleg. Når barn og barnebarn av innvandrarar får høyre at dei er «andre og tredjegenerasjons innvandrarar», blir dette eit meiningslaust uttrykk. Korleis kan ein vere innvandrar i eit land ein er fødd i? Foreldra har norsk pass og statsborgarskap. Statistisk sentralbyrå kallar no barn av innvandrarar for «norskfødde med innvandrarforeldre».
Enkelte drøymer om eit land med berre «reine nordmenn». Men ei slik haldning er rasistisk i ordets eigentlege forstand, ettersom det då er underforstått at kultur «ligg i blodet» – noko naturgitt. «Jødane kan tileigne seg vår sivilisasjon, men ikkje vår kultur,» sa ein austerriksk nazileiar i trettiåra. Kultur skulle altså vere eit nasjonalt kriterium. Men vi har tidlegare problematisert kva som skulle vere norsk kultur. Norsk kultur er, og har alltid vore, ein blandingskultur.
Eit augnekast på dagens norske kart viser at nordmenn er samar, tamilar, vietnamesarar, pakistanarar, tyrkarar, deira etterkommarar og mange andre etniske grupper. Nordmenn er kvite, brune, svarte og gule, og diverse blandingar av desse. Dei er kristne lutheranarar, metodistar, pinsevenner, katolikkar og ortodokse, og nordmenn vedkjenner seg også ulike variantar av islam, buddhisme, hinduisme og andre religionar. Enkelte meiner at dei ikkje har behov for nokon religion og kaller seg human-etikarar eller ateistar.
«Det er tre, ikkje menneske som har røter,» skriv Salman Rushdie (Rushdie 1991). Globaliseringa har, meir enn nokon annan verdsomfattande prosess, gjort dette tydeleg for oss. Vi lever i ei flytande og omskifteleg verd der menneske flytter på seg meir enn nokon gong.
Muslimer demonstrerer mot Rushdie
Opphavsmann: NRK
I våre dagar er vi alle meir eller mindre kulturelle kreolar: vi held til midt i eit mangslunge og laust samanskrudd univers av teikn, bilde, musikk, verdiar og idéar med vidt forskjellig opphav. Det gjeld «norske nordmenn» like mykje som innvandrarar og barna deira. I ei slik verd må eitkvart rop om reinleik og grenser bli eit reaksjonært forsøk på å kalle tilbake ei svunnen mytisk urtid. (Eriksen 1993).
Kreol refererte opprinneleg til eit blandingsspråk som har blitt morsmål for den gruppa som brukar språket. Det finst kreol-språk basert på engelsk, fransk, spansk og portugisisk. Også blandingsfolk og etterkommarane deira blir kalla kreolar. Slik Hylland Eriksen tenkjer, er vi alle meir eller mindre globale blandingsprodukt. Norsk bokmål kan vi sjå på som eit kreol-språk basert på dansk – av historiske årsaker.
Kreolisering av kulturen og språket er ein konsekvens av dagens mangfald. Vi prøver alle, både innvandrarar, dei norskfødde barna deira og vi andre å leve opp til kryssande og av og til motstridande verdiar. Her er det ikkje skilnad på etnisk norske og innvandrarar. Kanskje er ordet hybrid – at vi alle er meir eller mindre av blandingsrase – endå betre.
Både nytt og gammalt er resultatet av møte mellom menneske, blandingsrase og blandingsspråk. Med andre ord, det finst ingen «reine» soner – alle er hybridar, resultatet av tidlegare blandingar. Hybridisering er ein dynamisk prosess. I staden for hybrid versus reinleik er det «hybriditet heile vegen ned» (Vásques og Marquardt 2003:59).
Studiet av norske dialektar fortel mykje om ulik kulturkontakt i historisk tid. Impulsar frå ungdom med ulik språkbakgrunn påverkar også norsk ungdomsspråk som vi såg i KK1. Sjå kebab-norsk og salsa-norsk.
Romeo og Julie på kebabnorsk
Opphavsmann: NRK
Kebabnorsk
Opphavsmann: NRK
Eksempel
Generasjonsmotsetnader finst mellom foreldre og barn i alle land. Både i Pakistan og i India protesterer unge menneske mot at foreldra skal bestemme kven dei skal gifte seg med – såkalla arrangerte ekteskap. Norsk ungdom er ofte i opposisjon til foreldra sine når det gjeld sambuarskap og ekteskap.
I staden for å kategorisere menneske i etniske kategoriar er det sannsynlegvis meir sakssvarande å kategorisere menneske etter kva slags kulturelle kodar dei gjer gjeldande i eit kulturmøte. Då går vi frå ei beskrivande kulturforståing til ei dynamisk kulturforståing.
Eksempel
Når eg kjøper grønnsaker frå ein pakistansk handelsmann på hjørnet, er min etniske bakgrunn heilt irrelevant, eg er kjøpar og han er seljar, og vi kommuniserer om kvalitet, mengd, pris og vekslepengar på same måten som ved all annan handel. Kva «kultur» vi gjer gjeldande blir bestemt av det personlege møtet og formålet for transaksjonen.
Eksempel
Ein elev på vidaregående som spelar amerikanske poplåtar deltek i ein globalisert kultur der skiljelinjene til foreldra sannsynlegvis er sterkare enn til ein annan elev med same musikksmak på vidaregåande skole i Djakarta eller i Auckland. Dei surfar på dei same nettsidene. Ungdomskulturen er nok meir global enn foreldrekulturen.
Det nasjonale og det globale heng nøye saman og kan ikkje skiljast frå kvarandre. Dagens kulturelle straumdrag er prega av eit mangfald og eit tempo som gjer at alt heng saman med alt, og alt er foranderleg og omskifteleg. Å finne plassen sin i denne verda er ei like stor utfordring for etniske nordmenn, innvandrarar og barna deira.
Fordjupingsoppgåver
Bruk oppgåvene som står nedanfor der de kan bruke stoffet som er presentert i dette kapitlet. Kan utførast som individuelle oppgåver eller som gruppeoppgåver.
Litteraturliste
Anderson, Benedict. 1996. Forestilte fellesskap: refleksjoner omkring nasjonalismens opprinnelse og spredning. Oslo: Spartacus.
Bauman, Zygmunt. 1998. Globalization: the human consequences. Cambridge: Polity Press.
Bislev, Sven. 1999. En ny og større verden: globaliseringens ansigter. København: Fremad.
Eriksen, Thomas Hylland. 1993. Kulturterrorismen: et oppgjør med tanken om kulturell renhet. Oslo: Spartacus.
Eriksen, Thomas Hylland. 1997. Flerkulturell forståelse. [Oslo]: Tano Aschehoug.
Eriksen, Thomas Hylland. 1998. Små steder - store spørsmål: innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforl.
Eriksen, Thomas Hylland. 2008. Globalisering: åtte nøkkelbegreper. Oslo: Universitetsforl.
Rushdie, Salman. 1991. Imaginary homelands: essays and criticism 1981-1991. London: Granta Books.
Schirato, Tony og Jen Webb. 2003. Understanding globalization. London: Sage Publications.
Scholte, Jan Aart. 2005. Globalization: a critical introduction. Basingstoke: Palgrave Macmillian.
Vásquez, Manuel A. og Marie Friedmann Marqueardt. 2003 Globalizing the Sacred: Religion Across the Americas, New Brunswick: Rutgers University Press.
