Oppgåve: Repetisjon

Repetisjonsøvingar kommunikasjon

Publisert: 08.07.2011, Oppdatert: 04.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

Kommunikasjon  

Ressursar

 

Verktøy

Samskriving.ndla.no 

 

 

Læreplanar

Kompetansemål for medie- og informasjonskunnskap 1 

 

 

Forslag til repetisjonsøving

Bruk verktøyet Samskrive under verktøyfana til å repetere fagstoffet i temabolken Frå sendar til mottakar.

  1. Lag grupper i klassen med fire elevar i kvar gruppe.
  2. Start samskrivingsverktøyet og sett dei som tilhøyrer gruppa saman i samband med kvarandre (sjå instruksjonsvideo).
  3. Elev 1 skriv eit spørsmål frå lærestoffet i samskrivingsdokumentet.
  4. Elev 2 skriv ned svaret på spørsmålet i samskrivingsdokumentet.
  5. Elev 3 vurderer i kva grad svaret er korrekt eller utfyllande nok, og kommenterer svaret i samskrivingsdokumentet.
  6. Elev 4 stiller eit nytt spørsmål i samskrivingsdokumentet.
  7. Elev 1 svarer på spørsmålet, elev 2 kommenterer svaret osv. På denne måten rullerer rollene i gruppa. Hugs: Bruk tida medan dei andre skriv til å førebu det neste spørsmålet. Det blir snart din tur til å stille spørsmål!
  8. Hald på slik til de har repetert alt de skal kunne om kommunikasjon.
  9. Gå gjennom teksten til slutt og bli samde om ein felles repetisjonstekst som har med det læreplanen seier de skal kunne om temaet kommunikasjon.

 

Slik bruker du verktøyet samskriving. ndla.no

NB! Du må klikke på fullskjermikonet for å kunne følgje instruksjonen.

Introduksjonsvideo for samskriving på NDLA
Forfatter: Tor-Martin Karlsen