Hopp til innhald

Fagstoff

Religion og livssyn

I dag er Noreg eit fleirkulturelt samfunn, og det inneber at ei rekkje ulike religionar og livssyn er representerte i landet vårt. Kor religiøst overtydde barn og unge er, varierer mykje.
Jente folder hendene ved matbordet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trussamfunn

Blant dei «nye» trussamfunna her i landet er det muslimske størst med meir enn hundre tusen registrerte medlemmer. Deretter kjem det buddhistiske trussamfunnet. Andre store religionar er hinduisme, jødedom og sikhisme.

Trussamfunn har vanligvis reglar for korleis ein skal leve. Reglane kan bestemme alt frå kosthald, påkleding og helse, til åtferd og ekteskap.

Slike reglar kan påverke det arbeidet du skal gjere i barnehagen eller på skulen. Du må vise omsyn til dei reglane som gjeld, dersom det er mogleg. Det er til dømes enkelt å velje annan mat enn svinekjøt dersom nokon har ei tru som seier at ein ikkje skal ete det. Nokon et kanskje ikkje kjøt i det heile teke.

Samtidig er det store forskjellar mellom dei religiøse gruppene. Det er også ulikskapar innanfor gruppene. Medlemmene praktiserer skikkar og tradisjonar ulikt og i ulik grad.

Korleis barn og unge opplever sin religion, varierer sterkt, og nokon opplever det som trygt, godt og heilt nødvendig å tru. Andre er meir skeptiske og kjenner seg kanskje litt pressa eller hemma av dei reglane som finst.

Barne- og ungdomsarbeidaren si rolle

Som barne- og ungdomsarbeidar kan du møte barn som har ei religiøs overtyding og er truande. Du kan støtte barna i trua deira ved å svare dei på dei spørsmåla dei måtte ha, og ved å respektere at barn og foreldre har ulike religionar. For å forstå barnet er det avgjerande at du set deg inn i den aktuelle religionen og kjenner til merkedagar og hovudtrekka i trua.

Du kan møte barn og unge som er overtydde om at dei ikkje trur på noka form for gud. Du kan også møte føresette som har ei sterk tilknyting til ein religion eller eit livssyn. Dei kan ha meiningar om kva barna bør og ikkje bør delta på.

Kva meiner du om bordbøn i barnehagen?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Einar Gjærevold og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 20.06.2018

Læringsressursar

Kultur og religion