Hopp til innhald

Fagstoff

Kvalitet må til i skulen og barnehagen

I dag har vi skulerett og skuleplikt i ti år – frå barnet er seks år. I tillegg går dei fleste norske barn i barnehage frå dei er cirka tolv månader gamle. Ein stor del av oppveksten vår går altså føre seg i barnehage og på skule.
Premiesløyfer. illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skule- og barnehagetilbodet

Kvaliteten på skule- og barnehagetilbodet påverkar oppveksten vår. Nokre faktorar er

  • storleiken på skulen eller barnehagen (kor mange barn som går der)
  • tal på elevar per lærar i klassen
  • lærarane eller førskulelærarane si evne til å lære bort og aktivisere
  • haldningane og profesjonaliteten til dei vaksne
  • økonomiske ressursar
  • tilgang til moderne datautstyr
  • tilrettelagd opplæring
  • mattilbod

Einskapsskulen

Skuleverket i Noreg byggjer på ein idé om einskapsskulen, ein felles skule for alle barn fram til høgare utdanning. Einskapsskulen jamnar ut dei sosiale, økonomiske og geografiske skiljelinjene som gir ulik tilgang til utdanning og yrke.

Skuleverket byr på nærmast endelause moglegheiter, heilt i takt med at samfunnet har blitt meir og meir spesialisert og komplekst. Det moderne kunnskapssamfunnet får stadig nye fag og fagområde.

Dei aller fleste ungdommane tek vidaregåande utdanning i våre dagar. Om lag 31 prosent av norske ungdommar held fram med å studere etter vidaregåande skule.

Barne- og ungdomsarbeidaren si rolle

For barne- og ungdomsarbeidaren er det ei viktig arbeidsoppgåve å motivere barn og unge til utdanning. Dette kan ein gjere på ei rekkje måtar, mellom anna ved å gi barn meistringsopplevingar, ved å fortelje at utdanning er viktig, og ved å vise dei ulike utdanningsmoglegheiter.

Fra barn til borger : Ein film fra NRK om overgangen frå barnehagen til skulen.

Utfordringar til deg

  1. Forklar korleis følgjande faktorar påverkar oppveksten vår:
    • storleiken på skulen eller barnehagen (kor mange barn som går der)
    • tal på elevar per lærar i klassen
    • lærarane eller førskulelærarane si evne til å lære bort og aktivisere
    • haldningane og profesjonaliteten til dei vaksne
    • økonomiske ressursar
    • tilgang til moderne datautstyr
    • tilrettelagd opplæring
    • mattilbod
  2. Kva er einskapsskulen?
  3. Kva hugsar du frå din eigen skulegong, og korleis har det påverka deg?
  4. Korleis kan du bidra til at barn og unge får gode opplevingar i skulen?
  5. Johanna er 16 år og ønskjer å slutte på skulen og få seg jobb. Ho er lei og har vore mykje borte den siste månaden. Kva seier du til henne?

Relatert innhald

I stortingsmeldinga «Vi smaa, en Alen lange» blir det drøfta konsekvensar for skuleløpet når seksåringar blir inkluderte i skulen, og SFO blir sett på som ein naturlig konsekvens av dette.

Den første barnehagen i Noreg vart oppretta i 1837 og fekk namnet Byens Asyl, og han låg i Trondheim.

CC BY-SASkrive av Einar Gjærevold, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2019

Læringsressursar

Oppvekstmiljø i Norge i dag