Hopp til innhald

Fagstoff

Psykososialt miljø

Med psykososialt miljø meiner vi korleis vi har det saman med andre. Korleis er dei mellommenneskelege forholda heime, på skulen, i barnehagen og i fritidsmiljøet – og korleis opplever vi dei?
Seks ungdommer som ler
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei rekkje indre og ytre vilkår har noko å seie for korleis vi trivest, kommuniserer og samarbeider. Summen av desse vilkåra skaper det psykososiale miljøet som er så viktig for den psykiske helsa vår. Og ei god psykisk helse er viktig for å meistre livet!

Det er den subjektive opplevinga til kvar enkelt som avgjer om miljøet i barnehagen, på skulen eller på arbeidsplassen kan kallast godt eller dårleg. Om berre éin person synest at miljøet i vennegjengen er dårleg, så er det slik – sjølv om dei andre opplever miljøet som godt.

Kva kjenneteikna eit godt psykososialt miljø

Som barne- og ungdomsarbeidar er du pliktig til å arbeide for at barn og unge har det godt i barnehagen og på skulen. Dersom du ser at eit barn har det vondt, skal du gripe inn og hjelpe barnet. Eit godt psykososialt miljø er kjenneteikna av:

  • tryggleik
  • vennlegheit
  • imøtekomande haldning
  • innlevingsevne
  • god kommunikasjon
  • glede
  • respekt
  • utviklingsmoglegheiter.

Menneska

Det psykososiale miljøet endrar seg etter kven som er til stades. .

  • Korleis har vi det til dømes heime?
  • Har vi eit godt og tillitsfullt forhold til foreldra og syskena våre?
  • Kva forhold har barnet til dei vaksne i barnehagen, på skulen eller i ungdomsklubben?

Det speler ei vesentleg rolle kva for følelsesmessige erfaringar deltakarane har med seg. Det er mykje som kan gi oss «skeiv» ballast på livsferda. Traumatiske opplevingar som ulykker, dødsfall, sjukdom, seksuelle overgrep, vald og rusproblem kan føre til at vi får problem seinare.

Fysiske forhold

Fysiske forhold, som til dømes inneklimaet i klasserommet eller på arbeidsplassen, kan også verke inn på det psykososiale miljøet. God luft, godt reinhald og passeleg temperatur i rom vi oppheld oss i, skaper trivsel.

Det estetiske

Estetikk er læra om det skjønne og kunnskapen som kjem til oss gjennom sansane. Omgivnadene gjer noko med oss, heiter det, og estetikken på dei stadene der barn og unge ferdast, blir ofte undervurdert. Heile 83 prosent av inntrykka våre kjem frå synet. Studiar frå sjukehusmiljø har vist at fine omgivnader gir positive effektar ved at pasientane får mindre smerter, lågare blodtrykk, søv betre og kjenner velvære. Først og fremst betyr lyset mykje for trivselen.

Derfor bør lokale der vi oppheld oss ofte og lenge, ha store vindauge og utsikt, helst mot natur. Lyse og reine fargar og ein romdesign utan skarpe kantar skaper harmoni og gir inspirasjon.

Du kan lese meir om psykososialt miljø og psykisk helse på nettstaden Psykisk helse i skolen.

Utfordringar til deg

  1. Kva er eit godt psykososialt miljø?
  2. Kva kan du gjere for at barn skal oppleve det psykososiale miljøet i barnehagen som godt?
  3. Lag ein teikneserie om psykososialt miljø.
CC BY-SASkrive av Einar Gjærevold, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2018

Læringsressursar

Oppvekstmiljø i Norge i dag