Hopp til innhald

Fagstoff

Musikkvideo: kort historikk

På 1980-talet blei det utvikla eit eige filmspråk for musikkvideo. Musikkvideoar blir brukte til å promotere musikk, men har etter kvart blitt ei eiga kunstform.
Paal Waaktaar, Magne Furuholmen og Morten Harket sit på og står ved eit gjerde mens dei ser i forskjellige retningar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Beatles var pionerar

The Beatles opptrer på CBS "Ed Sullivan Show" i New York i 1964.

Utviklinga av musikkvideo byrja på 1960-talet, då populærmusikk vart ein viktig del av kulturen, samstundes med at fjernsynet byrja å få stor utbreiing. Frå tidleg på 1980-talet og fram til for få år sidan var musikkvideo noko vi såg på TV, men i dei siste åra har internett blitt den viktigaste distribusjonkanalen.

Dei første spede spirene til musikkvideoen finn vi i det amerikanske TV-showet "The Ed Sullivan Show". I 1964 såg heile 73 millionar menneske det direktesende programmet då The Beatles første gongen spelte i USA.

I 1966 valde bandet å ikkje opptre live, men i staden sende dei ein musikkvideo som eit middel i marknadsføringa. Filmane var relativt enkle i forma. Innhaldet var anten opptak av ein live-konsert eller ei form for dokumentarisk fortalt historie om artisten.

Frå film til videoformat

I løpet av 1970-talet forsvann film meir og meir som produksjonsformat. Video var eit raskare og rimelegare alternativ for produksjon av musikkvideo. Ikkje minst førte det til at det blei lettare å leggje inn spesialeffektar under redigeringa, noko som blei brukt for å gjere videoane meir eksperimenterande og fantasifulle.

Ein tidleg video var Godley and Cremes ”Cry” frå 1985, ein video som står seg forbausande bra i dag, først og fremst fordi han brukar enkle verkemiddel. Synkroniseringa av andleta er relativt komplisert og arbeidskrevjande på film, men blei langt enklare på video. Teknikken blei gradvis betre, noko vi ser tydeleg når vi samanliknar ”Cry” med slutten av Michael Jackson sin video til ”Black and White” (1991).

Eigne fjernsynskanalar

Etter kvart dukka det opp eigne fjernsynsprogram og kanalar som berre viste musikkvideoar. I 1981 byrja MTV å sende i USA, som den første fjernsynskanalen som utelukkande sende musikkvideoar. Den første musikkvideoen som blei vist på MTV, var Buggles sin video "Video Killed the Radio Star”. Sjølv om denne videoen ser ganske amatørmessig ut i dag, innheld han mange element som ikkje var brukte tidlegare.

Norsk musikkvideo i verdsklasse

Ein kort gjennomgang av utviklinga av musikkvideoen må ha med A-ha sin video ”Take on Me”. A-ha sitt internasjonale gjennombrot i 1985 kan tilskrivast denne videoen, som i si tid var svært nyskapande. Teknikken som blir brukt blir kalla rotoscoping og er velkjend innanfor animasjonsfilm.

Ein sjanger i rask utvikling

Musikkvideo er kanskje den sjangeren, ved sida av reklame, der utviklinga av det visuelle uttrykket har gått raskast. Musikkvideo har blitt utvikla til ei eiga kunstform, og videoane vekkjer nokre gonger større merksemd enn sjølve musikken. Musikkvideo har difor blitt ein særs viktig reiskap for musikkindustrien når artistar skal marknadsføre seg til eit størst mogleg publikum.

Utviklinga av musikkvideo har gått hand i hand med utviklinga av stadig meir avansert videoteknologi. Tida då det blei brukt millionar av dollar på å lage ein video ser likevel ut til å vere over. Musikkbransjen står overfor ei rekkje utfordringar, både når det gjeld økonomi og nettdistribusjon.

Eksempel på YouTube


Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Jon Hoem. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 21.04.2021

Læringsressursar

Produser video – korte format