Hopp til innhald

Fagstoff

Filmens første år

Dei første levande bileta blei framstilte av Muybridge i 1878. Louis Le Prince laga verdas første film i 1888. Kinematografen blei utvikla av brødrene Lumière i 1895.
Filmplakat frå ein kinosal der dansande kvinner blir viste på lerretet. Ein innfelet tekst frå New York Herald fortel at vitaskopet kan vise levande og fargerike bilete. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå stillbilete til levande bilete

Ein ryttar rir på ein galopperande hest, sett frå sida. Klippet er i svart-kvitt, og i nedste venstre hjørne kan ein sjå nummera på enkeltbileta skrivne inn med tusj. Animasjon.

Prinsippet for korleis ein skapar levande bilete blei oppdaga av Eadweard Muybridge i 1878. Han tok ein serie stillbilete av ein hest i fart, og desse bileta kunne ein så setje saman slik at det heile såg «levande» ut.

Ved å kombinere filmen frå kinetoskopet med projeksjonen frå Laterna Magica utvikla brørne Auguste og Louis Lumière i 1895 sitt eige system for vising av film, Kinematografen. Kinematografen gjorde det mogleg å vise film for eit større publikum. I kinematografen blir filmen ført over valsar med små tenner. Tennene tek tak i perforeringshola i filmen og trekkjer han til opninga bak prosjektorlinsa, kalla porten.

Den første filmen

Den første filmen i verda er berre på nokre få sekund (YouTube). Han blei filma den 14. oktober i 1888 av den franske oppfinnaren Louis Le Prince og viser menn og kvinner i ein hage:

I ettertid er det likevel brørne Lumière som har blitt ståande som skaparane bak «verdas første film». Filmen deira, som dokumenterer arbeidarane som forlèt fabrikken til Lumière-familien, blei filma i 1895:

Sjå filmen på YouTube: The Lumiere Brothers' - First films (1895)

I dei første åra etter 1895 blei det i hovudsak laga kortfilmar med dokumentarisk innhald.

Plakaten viser eit kinopublikum som ser på ei kjent filmscene frå ein film av Lumière-brørne. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Jon Hoem. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 18.01.2018

Læringsressursar

Filmhistoriske epoker