Kvalitet

Kva meiner ein med matkvalitet?
For forbrukaren er kvalitet i første rekke knytt til korleis sluttproduktet og den serveringsklare maten vert opplevd. Denne kvaliteten er eit resultat av kvaliteten på råvarene og korleis dei er handsama før dei når forbrukaren. Kvaliteten av eit matprodukt
vert gjerne definert som den evna det har til å tilfredsstille forbrukaren sitt behov, ønskje, krav og forventning. For forbrukarane er kvalitetsopplevinga i første rekkje knytt til sluttproduktet, det vil seie summen av både hygienisk, ernæringsmessig, sensorisk og etisk kvalitet og i tillegg miljøkvalitet. Kva den enkelte legg i kvalitetsomgrepet, og kva for eigenskapar som veg tyngst, vil variere frå forbrukar til forbrukar. Kva forbrukaren forventar av produkt heng saman med forbrukaren sitt kunnskapsnivå og av marknadsføring. Stort sett er forbrukarane meir skeptiske til tilhøve som er utanfor eigen kontroll, medan tilhøve dei sjølve kan kontrollere ikkje har same verknad.
Jente drikker vann fra springen
Salat med parmaskinke og oliven
Fotograf: Georgina PalmerNigiri Sushi
Fotograf: William Brady
Miljømerket: Svanen
Opphavsmann: Miljømerking
Økologisk merke
Opphavsmann: Debio.no
Hygienisk kvalitet
Maten skal vere helsemessig trygg for forbrukaren. Den hygieniske kvaliteten er utanfor forbrukaren sin kontroll. Først og fremst er det styresmaktene sitt verktøy gjennom lovgiving som styrer dei hygieniske kvalitetane. Lovgivinga set minimumskrav som skal stillast til både personleg hygiene og produksjonshygiene. Den hygieniske kvaliteten vert styrt gjennom eit kvalitetssikringssystem som sikrar at lovgivinga vert etterlevd (internkontroll, IK-Mat).
Ernæringsmessig kvalitet
Ernæringsmessig kvalitet vil seie kva maten inneheld av næringsstoff. For næringsmiddelbransjen betyr det at produksjonen, bearbeidinga og omsetjinga av maten skal skje på ein slik måte at det ernæringsmessige innhaldet i den enkelte råvara best mogleg vert teke vare på. Døme frå eit produksjonskjøkken kan vere at maten blir dekka til, og at grønsaker vert kokt i lite vatn og med skallet på for å halde på næringsstoff.
Sensorisk kvalitet
Sensorisk kvalitet er korleis vi vurderer utsjånad, lukt, smak, tekstur og lyd. Sensoriske testar blir meir og meir nytta i næringsmiddelindustrien for å få eit jamnt og stabilt sluttprodukt, med same smak kvar gong. Sensoriske testar bør ein gjennomføre i alle trinn i produksjonsprosessen, frå mottak av råvarer, gjennom bearbeiding og til sluttproduktet.
Miljø- og etisk kvalitet
Kvalitetsverdiar knytt til miljø og etikk, speglar att haldningar og verdiar hjå forbrukaren. Det dreier seg om kva forbrukaren oppfattar som rett og gale, til dømes innan dyrevern, religion, genteknologi og hormonbruk. I Noreg har vi miljømerka Svanen og EU-Blomsten, som er offisielle miljømerke administrert av stiftinga Miljømerking. Både Svanemerket og EU-Blomsten gjer det mogleg for oss som forbrukarar å velgje dei mest helse- og miljømessig trygge produkta. Døme på produkt med Svanen er mellom anna barnesjampo, tøyvaskemiddel, reingjeringsmiddel, hotell og matbutikkar. Du kan gå inn på Svanen si side på Svanemerket og finne meir informasjon. EU-Blomsten er eit sams europeisk miljømerke. Her i landet finst det Blomstermerka produkt og tenester innanfor mellom anna tekstil og hotell.
Økologisk mat vert produsert på mest mogleg naturleg måte, utan kunstgjødning og sprøytemiddel. Det grøne Ø-merket er den norske merkeordninga for økologiske produkt, og dette gir forbrukaren garanti for at vara oppfyller krava for økologisk produksjon. Merkeordninga vert administrert av Debio. Merket er friviljug og finst på ei rekkje matvarer, men og på tekstil. Du kan gå inn på Debio og finn meir informasjon.
Eit anna døme på miljømerking og etisk kvalitetsmerke er Max Havelaar, eit friviljug internasjonalt merke for god handel mellom små produsentar i sør og oss forbrukarar i nord. Merket sikrar produsenten ein minstepris for varene hans. Det er FLO (Fairtrade Labelling Organizations International) og Max Havelaar Norge som administrerer ordninga. I Noreg kan du finne merket på kaffe, te, bananer, appelsinjuice, ris og sjokolade. Du kan gå inn på Fairtrade Max Havalar og finn meir informasjon.
I tillegg finst Nyt Norge som er ei merkeordning for norsk mat. Matprodukt som har dette merke er produsert i Noreg, med bruk av norske råvarer. Heilt lokalproduserte produkt frå akkurat der du bur kan du få på gardsutsalg, messer, salsutstillingar, Bondens marknad og liknande.
Ikura Nigiri
Fotograf: Hartmut Kiefer
