Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis skape ei god samling med musikk i sentrum?

For å skape ei god samling er det viktig at alle rammefaktorane er på plass, og at du er godt førebudd.
Mannlig gitarspiller øver med barna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ver førebudd

Når alt er godt førebudd, er alle notar og tekstar og anna utstyr planlagt og funne fram. Den vaksne som leier samlinga, må kunne alle tekstane og notane som skal spelast og syngjast, og i planen skal det stå kva innhald og mål musikkstunda har. I planen kan det også stå kven som har ansvar for kva, og i kva rekkjefølgje dei ulike songane kjem.

By på deg sjølv

Det viktigaste når du har samlingsstund med barn, er at du gjer deg sjølv interessant, og at du byr på deg sjølv og fengjer barna. Det kan vere nyttig å ta med seg ein rekvisitt som er knytt til den songen du vil lære bort. Til dømes kan små barn vere glade i «Lille Petter edderkopp». Då tek du med deg ein edderkopp som du dramatiserer med. Edderkoppen kan liggje i ein spesiell pose, ei kiste, ein boks eller under genseren din. Ved hjelp av drama vil merksemda til barna bli retta mot rekvisitten og den vaksne.

Tydeleg start og tydeleg slutt

Det er også viktig med ein tydeleg start på samlinga – og ei tydeleg avslutning. Det å ha faste rammer vil seie at du gjer det same kvar gong. Barna blir plasserte på ein benk, stol eller pute, og samlinga startar med ein fast god morgon-song. For å avslutte samlinga har ein ein fast avslutningssong.

Tips

Når du syng saman med barna, er det viktig å syngje i eit roleg tempo. Då er det mogleg for barna å vere med og syngje teksten. Du bør også finne eit toneleie som passar barnestemma. Eit av barna kan byrje å syngje om du er usikker på kva toneleie som passar best. Dei vil ofte velje det som er naturleg for dei. I songar der den mørkaste tonen ikkje er mørkare enn grunntonen, kan C-dur og D-dur vere fine toneartar å bruke.

Rammefaktorar som er viktige:

  • storleiken på rommet ein skal bruke
  • utstyret som ein har tilgjengeleg, til dømes rytmeinstrument, trommer, piano, gitar, diverse songbøker, CD-spelar og CD-plater
  • kor mange barn som skal vere med, og kor gamle barna er
  • korleis barna er plasserte, både i forhold til kvarandre og i forhold til vindauge og lys i rommet
  • kor mange vaksne som skal delta
  • kor lenge musikkstunda skal vare
  • temaet som ein ønskjer å jobbe med
  • kvalifikasjonane til dei vaksne

Utfordringar til deg

  1. Kva for nokre rammefaktorar er viktige for å lage ei god samling med musikk?
  2. Kvifor skal vi vere godt førebudde til ei samling med barn?
  3. Kva krevst av deg når du skal ha ei samling med barn? Kom med døme.
  4. Kva er viktig å hugse på når du syng saman med barna?
  5. Korleis bør starten og avslutninga på ei samling vere?
CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg, Laila Katarina Olsen, Gro Nedberg Grønlid og Henriette Almåsbakk Skogmo.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2018

Læringsressursar

Musikk