Skriv ut Lytt til tekst
 

Tema

Emma leiker med barna

Her møter du Emma, som er barne- og ungdomsarbeidar i Mekken barnehage. Avdelinga ho jobbar på, heiter Smørjebua, og er for barn i aldersgruppa frå tre til seks år. Som fagarbeidar får Emma ulike oppgåver og utfordringar. Eitt hovudtema i denne oppgåvesamlinga er leik.

Barna vil ut

I Mekken barnehage har dei planlagt uteområdet godt, og dei har gjort bevisste val i forhold til plassering av leikeutstyr. Emma får i oppgåve å prøve å teikne uteområdet og setje seg inn i dei vala barnehagen har teke. Ho skal også sjå nærmare på kva leiker som innbyr til kreativitet og læring.

Oppgåve: Yrkessituasjon

Emma les rammeplanen og temahefta

Bilde til temahefte: Om natur og miljø

Emma prøver å halde seg oppdatert og veit at ho har behov for å repetere fagstoff ho lærte på barne- og ungdomsarbeidarfag vg2. No les ho rammeplanen for barnehagen og temaheftet «Om natur og miljø».

Tenk deg at du er Emma.

  • Kva er det i rammeplanen og temahefta som er viktig for deg som barne- og ungdomsarbeidar å vite? Diskuter med ein medelev.
  • Korleis kan du bruke temaheftet «Om natur og miljø» for å planleggje aktivitetar i barnehagen?
  • Kva har det du har lese i rammeplanen og temaheftet, å seie for aktiviteten i barnehagen?
  • Kvifor er det viktig for Emma å halde seg oppdatert?
 

Tilrå
11

Kompetansemål

Dekkjer delvis

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve