Hopp til innhald

Fagstoff

Pressa si rolle i norsk historie

Eit essay om avisa si rolle i det norske samfunnet.

Tidspuls og pressemakt

  • Avisa knytte band.
  • Avisa forløyste nasjonen.
  • I avisa stod striden.

”Hvilke makter bærer vårt demokratis frie forfatning?” spurde diktaren André Bjerke ein gong. Poeten svarte: ”De er tre på papiret, men i det faktiske liv har de alltid vært fire: Storting, regjering, domstol – og dagens avis.” Om pressa konstaterte han at når folket søv, da har ”dagens avis den vekkende myndighet”. Og diktaren utbroderte vidare innsikta si slik: ”Får dumheten stortingsflertall? Har statsråd Mathiesen en Goebbels i maven? Har Høyesterett vist forakt for loven bak lovene? Da skal det stå i avisen. Dagens avis er den fjerde samfunnsmakt.”

Norsk historie – frå 1800-talet og fram til i dag – lèt seg rett og slett ikkje begripe utan å ta avisa med i betraktning. Avisa har fylt mektige roller som arena og aktør i samfunnsutviklinga. Ho har så visst ikkje berre vore ordstyrar i samfunnsdebatten og makta sin kritikar, ho har også vore ein maktreiskap. Den reiskapen har vore viktig og kan ikkje oversjåast.

Da unionen med Sverige blei oppløyst i 1905, da den unge nasjonen skulle stå på eigne bein, da nasjonsbygginga skulle skyte ny fart, da moderniseringa av landet skulle gå inn i ein ny fase – da var pressa alt blitt ei samfunnsmakt. Da var også profesjonaliseringa av presseyrket komme så langt at redaktørar og journalistar kunne leve av skrivinga og utøve si makt med ein viss pondus.

I den nye arbeidsdagen etter 1905 formidla avisene ei framtidstru og ei begeistring på vegner av den unge nasjonen. Dei fortalde jublande om den velsignande industrialiseringa og om magien i elektrisiteten. Pressa medverka til industrialiseringa av landet. Fossar blei tamde. Det blei ikkje pressas begeistring for den nye tida.

Avisa blei ein del av det moderne livet i bygd og by. Avisa blei eit medium for framskrittet. Pressa hadde medverka aktivt til spreiing av telegrafen, telefonen, fonografen, fotografiet, filmen – som pressa seinare skulle gjere det med radioen, fjernsynet, datamaskinen … Avisene dreiv fram veksten og utviklinga i andre medium.

Moderniseringa av journalistikken skaut også fart. Intervjuet var blitt vanleg i åra før unionsoppløysinga, etter kvart som avisene fekk råd til å sende journalistar ut i felten. I mellomkrigstida vann det for alvor fram. Først i denne perioden kan vi også snakke om nyheitsaviser i meir moderne forstand. Ein nyheits- og biletrevolusjon var i gang. Avislesing var blitt ein vane for stadig fleire. Avisa kunne lesast overalt. ”Menneskene kan ikke undvære dem,” konstaterte Morgenbladet alt i 1910. ”… ikke engang naar de er paa Fjeldtur i Paasken.”

Avisa fanga dei tema som låg i tida. Avisa målte tidspulsen. I avisa vibrerte samtidas nerve. Og slo dei store og truande hendingane inn i det nære kvardagslivet, så var avisa bindeleddet. Avissalet eksploderte i det første krigsåret av den første verdskrigen. I historia til Kristiania Postvesen heiter det at ”Folk gjorde ikke andet end at lese aviser”.

I avisa blei nasjonens identitet pleidd. Her blei nasjonen sine heltar hylla. Her gjekk Nansen og Amundsen på ski gjennom spaltene. Her blei det fortalt om bragder og om korleis sigrar blei feira.

Ofte kunne pressa snakke med ei stemme. Men i avisa stod også striden. Det var by mot land, mann mot mann, klasse mot klasse. Da verdskrigen var slutt, den ellevte i ellevte 1918, konstaterte redaktør Olav Scheflo kontant på leiarplass i Arbeiderbladet: ”Så går vi til neste sak på dagsorden: arbeiderklassens frigjørelse gjennom den sosiale revolusjon.” ”Våre myndigheter burde være mer på vakt mot sosialistisk agitasjon”, skreiv pressemannen og politikaren C.J. Hambro i Morgenbladet, og applauderte finske dødsdommar over sosialistleiarar. ”Så lenge Høyre går rundt som et vilt dyr, er partiet farlig”, skrev Arbeiderblad-redaktøren. Du visste kva du fekk i spaltene i partipressas store tid. Det var klar tale, og det var taktisk tale. Redaktøren gjorde leiarspalta til ”et dampvaskeri for politisk besudlede hender”, skreiv Helge Krog med adresse til Arbeiderbladets redaktør Martin Tranmæl – eller ”Martin Pontius Pilatus Tranmæl”, som Krog kalla han, etter sjølv å ha blitt karakterisert som deltakar i ”den motbydelige og skitne trafikk som overklas­sens salongradikal­ere” drev, ”under maske av å være sosia­lister”. Høgreredaktøren Harald Torp skal ein gong ha irettesett ein av journalistane sine med denne formaninga: ”Husk, her i avisen omtaler vi samvirkelag bare dersom de brenner.”

Da motstanden ulma i den andre verdskrigens første år, blei avisa sett ut av spel. Nokre få stod opp, talte okkupantane midt imot og la ned virket sitt. Andre blei stansa av tyskarane. Mange bøygde nakken – tapte sitt truverde, men heldt det gåande. I denne tida av diktatur og sensur var det den illegale pressa som gav håp.

Da landet skulle gjenreisast, målbar avisene den nye tida. Begeistringa og optimismen flomma i spaltene. Her skulle byggjast og moderniserast. Fabrikkpipene var stolte symbol på framskrittet. Trua på vitskapen og teknologien blei forretta med stor kraft i avisene. Naturvitskapen fører til ”en omforming ikke bare av vår ytre tilværelse, men en omforming av våre sinn, våre mål, våre lengsler,” skreiv VG i 1954. I Tromsø melde Nordlys begeistra om nye moderne næringsbygg, om ”strålende tiltak”, om ”hygienisk framskritt”, om det nye ”hypermoderne og sanitære” samvirkelaget. Det brende av begeistring.

Den varme freden blei avløyst av den kalde krigen. Vi fekk ”ein ytringsfridomens istid” i landet. Da var ikkje avisa den opne arenaen ho tok på seg å vere i festtalane. Den vekkjande makta kunne også bli den tildekkjande makta. Seinare kunne også den politiske makta til pressa slå over i avmakt – lesarane lét seg ikkje dirigere inn i ein europeisk union. Eit fleirtal av avisene var for EU, eit fleirtal av folket sa nei.

Men avisene batt landet saman. Avisene gav identitet i bygd og by. Avisene knytte band. Dei oppdaga kvardagslivet og blei ein uunnverleg del av det, i det gryande forbrukar- og velferdssamfunnet.

Da partibandet til avisene blei løyst, stod det fram ei stadig meir sjølvbevisst presse. Den kunne irritere og utfordre. Pressa blei sjølv utfordra – av nye medium og myndige, men trulause lesarar. Dagen blir ikkje den same utan. Samtidshistoria blir skriven i avisa. Og enno gjeld André Bjerkes vesle maktutgreiing – lesen med trykk på kvar setning: ”Artikler kan omskape verden! Avisens styrke i Norge er den: å bli lest på det ytterste skjær. Artiklen som kunst må kjempende nordmenn dyrke. Skrives det bedre trosartikler enn her?” Poeten påpeika at heile åndskampen vår, heile historia vår ”siden Wergelands dage” er ei historie om avisartiklar. ”I pressen fortsetter nordmenn Stiklestad-slaget.”

CC BY-SASkrive av Martin Eide. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 16.11.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)