Hopp til innhald

Fagstoff

Miljø og enøk

Ved å redusere energiforbruket sparar vi naturen for utbygging av vassdrag, vi skånar naturen mot fleire inngrep, vi sparer òg pengar.
Husklynge i Oslo
Opne bilete i eit nytt vindauge

Energiproduksjon og forbruk i Noreg

I Noreg har vi vasskraft. Vasskraft er i høgste grad ein fornybar energiressurs, og norsk energiforsyning er heilt spesiell. Så godt som all el-produksjon (99 prosent) stammar frå vasskraft og utgjer cirka 50 prosent av det totale energiforbruket vårt. Utbygging av vasskraft har likevel òg konsekvensar for miljøet i form av naturinngrep.

I og med at forbruket aukar for kvart år, er det her vi må gjere ein innsats. Vi må, som tidlegare nemnt, ta i bruk enøk-tiltak.

I seinare tid er nordmenn blitt flinke til å ”spare på straumen”, og nye undersøkingar viser at det elektriske energiforbruket i bustadar faktisk ikkje aukar. Det er industrien og næringslivet som står for auken her i Noreg.

I samband med dette bør vi ta i bruk meir alternative energikjelder. På ulike stadar i landet er det mykje vind, og derfor vil vindturbinar kunne brukast for å lage straum i desse områda. Her er det også miljøhensyn å ta, med tanke på fugleliv, inngrep i naturen og reint visuelt sett. Det har vore ei rekkje aksjonar mot vindkraft-anlegg, der lokalbefolkninga ikkje vil at det skal være vindkraft i naturen. Med vinden blir det óg danna bølgjer. Meir forsking og igangsetjing av bølgjekraftverk er derfor óg eit alternativ.

Vi har òg mange fjordar og fjell. I overgangen mellom ferskvatn og saltvatn har vi eit stort energipotensial, dette kan vi nytte meir av. Når det gjeld bygningar, har vi òg ein veg å gå. Det blir heile tida utarbeidd strengare krav til isolasjon og kor tette bygningar skal vere. Både den norske regjeringa og EU stiller strengare og strengare krav. Viss vi får husa tette nok, vil varme frå elektriske apparat og menneskjer hjelpe godt på å halde varmen i huset.

Enøk og miljø globalt

Energiforbruket i verda aukar gradvis. Med auka energiforbruk veks òg forureininga. Dette har store konsekvensar. Det globale miljøet har stor innverknad på helsa vår, og det er dei fattige landa som lir mest under dette.

Investering i energitiltak i land i den tredje verda er ein lur ting å gjere. For det første er kvar investerte krone mykje meir verd i fattige land. Samtidig her desse landa ofte store ressursar ein kan ta i bruk. I og med at sola er den aller største energikjelda, ville det vere smart av oss å utnytte denne i mykje større grad i land som har mykje sol (som ofte er fattige land).

I samband med kjernekraft er det knytta ein del utrygge moment. Dette går på ulykker som til dømes Tsjernobyl-ulykka i 1986, som er historiens verste kjernekraftulykke. Eit anna moment er at kjernekraft bidreg i utviklinga av atomvåpen, der ei atombombe vil kunne øydeleggje store landområder ved sprengning. Det skapar også utryggheit i verdssamfunnet at nokon brukar atomvåpen som maktfaktor. Vi har framleis ei rekkje atomkraftverk i operasjon i verda, det jobbast med å trygge dei for å unngå nye ulykker.

På bakgrunn av desse utfordringane må vi bruke meir av dei fornybare energiressursane som solenergi, bioenergi, vindkraft, bølgjeenergi og så vidare.

Bellonaleder Fredrik Hauge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bellona er med på eit av mange prosjekt som har som mål å utnytte dei enorme energiressursane verda har.
Les meir om Sahara Forest - prosjektet hos bellona.no.

Rundt om i verda satsar ein kvart år store beløp på å utvikle desse energikjeldene. Teknologien blir stadig utvikla, og prisane blir gradvis meir konkurransedyktige, også samanlikna med dei konvensjonelle energikjeldene.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 11.04.2018

Læringsressursar

Enøk