Tema
Linnea lyttar til barna
Her møter du Linnea som er barne- og ungdomsarbeidar i Småbekken barnehage. Avdelinga ho jobbar på, heiter Hoppesteinen og er ei avdeling for barn i aldersgruppa 3 - 6 år. Som fagarbeidar får Linnea ulike oppgåver og utfordringar. Eit hovudtema i denne oppgåvesamlinga er barn og medverknad.
Linnea set seg inn i lovar og reglar
Som profesjonell yrkesutøvar er Linnea oppteken av å kjenne til og forstå dei lovane og forskriftene som styrer arbeidet i barnehagen. No er det ulike lovar og reglar knytta til kosthald ho jobbar med.
Rammeplan for barnehagen
Når Linnea skal planleggje turar og aktivitetar, bruker ho rammeplan for barnehagen. Under finn du nokre spørsmål knytt til rammeplanen.
- Kva er målet med rammeplanen for barnehagen?
- Kven rettar planen seg mot?
- Kvifor har vi fått ein rammeplan for barnehagen?
Arbeid med punkt 3.2. Kropp, bevegelse og helse
- Diskuter og skriv ned korleis turar i naturen kan gjere at barna utviklar seg på dei områda som blir nemnde her.
Arbeid med punkt 3.4. Natur, miljø og teknikk
- Kva beskriv dette punktet?
- Kva ønskjer ein å bidra til at barna får?
- Kva krev dette av dei tilsette i barnehagen?
- Korleis kan ein tur i naturen stimulere til bruk av alle sansar?
- Kva betyr berekraftig utvikling?
