Skriv ut Lytt til tekst
 

Tema

Matias bruker nærmiljøet

Her møter du Matias som er barne- og ungdomsarbeidar i Blomman barnehage. Avdelinga han jobbar på, heiter Solsikken og er for barn i aldersgruppa 0 - 6 år. Som fagarbeidar får Matias ulike oppgåver og utfordringar. Eit hovudtema i denne oppgåvesamlinga er oppvekstmiljø.

Aktivitet for alle

Blomman barnehage bruker både drama og andre aktivitetar i kvardagen. Barna speler mykje teater, og dei dreg for å sjå på ulike teateroppsetjingar når det er mogleg. Dei er også glade i formingsaktivitetar og besøkjer gjerne eit museum eller ei kunstutstilling om dei har moglegheit til det.

Oppgåve: Yrkessituasjon

Barna bruker drama

Drama

Matias skal ha drama med ei gruppe barn. Det er alltid populært å få vere med i dramagruppa, så dei som går bort til det gule dramarommet, er veldig motiverte.

Tenk deg at du er Matias. Planlegg, gjennomfør og vurder ei dramaøkt der barn speler

  • ulike roller – som til dømes mor, bestemor, bod, tannlege
  • ulike følelsar – som til dømes sint, glad, redd
  • ulike gjenstandar – som til dømes ein kopp eller ein blom

Du kan gjennomføre aktiviteten med ei gruppe barn eller med klassen din.

 

Tilrå
13

Kompetansemål

Dekkjer delvis

Relasjon

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve