Hopp til innhald

Fagstoff

Variantar av varmepumper

Varmepumpe er blitt ei svært vanleg varmekjelde i bustader i dag. Her skal vi sjå litt på ulike typar varmepumper, korleis dei er bygde opp, og korleis dei fungerer.

Varmepumpa er eit nyare oppvarmingsalternativ som finst i stadig fleire norske heimar. Ho har ein unik verkemåte som gjer at ein kan spare straumutgifter i bustader.

Varmepumpa slik vi kjenner ho best i dag, har ein utedel som hentar energi frå lufta, og ein innedel som blæs varm luft inn i ein bustad. Ein styrer ho enkelt med ein fjernkontroll.

Hovudprinsippet

Ei varmepumpe er eit samansett system som hentar energi i form av varme frå jord, fjell, luft, vatn og sjø. Varmen blir overført med eit minimalt energiforbruk frå éi eining til ei anna. Denne varmen gir pumpa frå seg med ein mykje høgare temperatur enn den som blei tilført utanfrå.

Skildring av prosessar i ei varmepumpe. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fleire variantar som blir nytta i dag

Luft-til-luft-varmepumpe

Luft til luft-varmepumpe. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne varianten hentar energien frå fordamparen (utedelen) i lufta ute, overfører han først til ein kompressor og deretter til ein viftedel inne. Viftedelen hentar luft frå bustaden og legg til den energien/varmen som blir generert i utedelen, slik at den avgitte temperaturen blir mykje høgare enn den som er i bustaden. Varmen kan bli opp mot 45 gradar celsius. Verkegraden på varmepumpa er då avhengig av kor høg temperatur det er ute. I nordiske forhold er den optimale temperaturen rundt 7 gradar celsius. Under desse forholda kan pumpa forbruke 1000 W og gi frå seg opp mot 3000 W. Blir temperaturen ute lågare enn dette, spesielt frå 0 gradar og nedover, vil verknaden gradvis gå ned mot forholdet 1 : 1 – dersom varmepumpa avgir 3000 W, bruker ho òg cirka 3000 W.

Denne varmepumpa er ei rimeleg investering og er relativt enkel å montere.

Men ho har dårlegare varmefaktor enn vatn-til-luft-system og vatn-til-vatn-system, og ein bør derfor kompensere med ekstra oppvarmingsalternativ.

Kostnad: cirka 15 000 kroner ferdig montert.

Eksempel: Ein bustad med årleg energibehov på 20 000 kWh bruker i gjennomsnitt 55 prosent av det totale energiforbruket, eller 11 000 kWh, på oppvarming. Dersom varmepumpa dekkjer 60 prosent av det totale oppvarmingsbehovet, vil dette gjere at ein sparer 3900 kWh i året. Det vil seie at ein kan spare inntil 3900 kroner i året. Har ein varmepumpa i 4–5 år, vil ein i dette tilfellet spare inn innvesteringa på cirka 15 000 kroner.

Vatn-til-vatn-varmepumpe

Vatn til vatn-varmepumpe. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne varianten hentar energien frå ei lukka vass-sløyfe som går i fjell, borehòl, sjø eller vatn. Vatnet (kollektormediet) som sirkulerer i denne sløyfa, hentar frå 5 til 8 gradar frå det laget som sløyfa ligg i, og gir frå seg cirka 3 gradar celsius i varmepumpa (kondensatoren), deretter til ein viftedel inne. Viftedelen hentar luft frå bustaden og legg til den energien/varmen som vi får frå utedelen, slik at den avgitte temperaturen blir mykje høgare enn den som er i bustaden (kan gi frå seg opp mot 45 gradar celsius). Verknadsgraden i varmepumpa er veldig stabil sidan temperaturen i jord og fjell er veldig stabil. Temperaturen er òg relativt stabil i vatn og sjø.

Denne oppvarminga har god varmefaktor, men krev mykje monteringsarbeid og er ei kostbar investering.

Kostnad: cirka 200 000 kroner ferdig montert.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen og Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2018

Læringsressursar

Varme og varmestyring