Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Den lågaste prisen på kort sikt

Med bidragsmetoden kan vi berekne den lågaste prisen som er forsvarleg å bruke. Her kjem eit eksempel der du skal gjere denne vurderinga.
Hender, kulepenn og kalkulator. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prisfastsetjing med dekningsbidrag

Ei bedrift sel 9 000 einingar av eit produkt per år. Prisen med meirverdiavgift er 20 kroner. Meirverdiavgifta på produktet er 25 prosent. Variable einingskostnader er 12 kroner, og dei årlege faste kostnadene er 60 000 kroner.

  1. Berekn dekningsbidraget per eining.
  2. Berekn det totale dekningsbidraget.
  3. Kva blir det årlege overskotet?
  4. Kva blir den lågaste prisen bedrifta kan ta på kort sikt? Grunngi svaret.
Fasit oppgåve a

Dekningsbidraget per eining er 4 kroner.

Fasit oppgåve b

Det totale dekningsbidraget er 36 000 kroner.

Fasit oppgåve c

Det blir eit underskot på 24 000 kroner.

Løysing oppgåve d

Pris over 12 kroner gir eit positivt dekningsbidrag og kan forsvarast på kort sikt. Det er betre å få dekt inn nokre av dei faste kostnadene enn ingen. Dei faste kostnadene blir på kort sikt verande sjølv om bedrifta ikkje sel nokon produkt. I eit langsiktig perspektiv må dei ha dekt inn alle dei faste kostnadene, og i tillegg bør dei ha litt forteneste.

Filer

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Steinar Madsen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2024

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod