Hopp til innhald

Fagstoff

Slik blei World Wide Web til

World Wide Web (WWW) er nemninga på ei teneste som blei utvikla av Tim Berners-Lee, og som vi i dag kjenner best som internett. Denne oppfinninga blei starten på det moderne informasjonssamfunnet.
Tekstversjon av radioprogrammet Ekko

Innannonsering

Dette vil bli eit program vesentleg prega av elektronikk, som om ikkje alle radioprogram er det.

Vignett

Klipp med utsegner frå ulike personar:

  • Det er eit datanett som utvekslar forskingsopplysningar.

  • Alle har jo høyrt om desse maskinene.

  • Over heile verda.

  • Weben forandra alt.

  • Og dei kjempestore problema vi kan løyse.

Introduksjon ved Steffen Fjærvik, programleiar Ekko: Om internett i Noreg, kvifor vi var online veldig tidleg, og kva som skal til for å få namnet sitt på ein plakett på Stanford. Tidsvitne er Gisle Hannemyr.

Gisle Hannemyr, forskar, ved universitetet i Oslo: Eg meiner at vi kan gå tilbake til 1971 der det då blei etablert, som faktisk den første staden utanfor det kontinentale USA, eit internettsamband via satellitt til Noreg og til London.

Programleiar Steffen Fjærvik: Gisle Hannemyr er i dag lektor og forskar ved Universitetet i Oslo, men har spelt ei viktig rolle i framveksten av internett i Noreg. Meir om Hannemyr seinare. Men først eit forsøk på å forklare dette internettet. (trommelydar) I gamle dagar kunne datamaskiner berre gjere ein ting om gongen. Så blei dei sterkare og kunne gjere fleire ting om gongen. Dei blir raskare og raskare og sjølvsagt større og dyrare. Derfor var det viktig at fleire kunne jobbe mot same maskin, så dei ikkje stod uverksame. (lydeffektar) Samtidig hadde det amerikanske forsvaret behov for å finne ein måte å kople saman datamaskiner på, som kunne stå imot eit russisk angrep. Så det er klare koplingar til den kalde krigen her, og i den kalde krigen var Noreg eit viktig land.

Gisle Hannemyr: Og det var då allereie etablert ein satellittlink mellom USA og Noreg via ein satellittstasjon på Tanum i Bohuslän i Sverige for å overrekke seismiske data frå ein jordskjelvsmålestasjon til USA. Dette var ein del av den kalde krigen og av prøvestansavtalen, der altså denne jordskjelvstasjonen i all hovudsak blei brukt for å lytte etter sovjetiske atomsprengingar. Men ein hadde då allereie dette satellittsambandet, slik at det passa veldig godt å ta han i bruk. Han hadde ein ledig kapasitet ein då kunne ta i bruk også til å forske på satellittbasert internett. Og så var det vel også slik at nøkkelpersonar, i første rekke Yngvar Lundh som då var knytt til FFI, han hadde vore over på amerikanske universitet og hadde personleg kjennskap til desse nøkkelpersonane i det amerikanske ARPA-prosjektet.

Programleiar Steffen Fjærvik: ARPA var litt forenkla det vi kan kalle den etaten som stod bak militær forsking i USA. Amerikanarane tenkte at dersom dei kunne kople maskiner saman i nettverk, så kunne éi maskin bli slått ut av ein sovjetrussisk bombe utan at det hindra dei andre maskinene i å snakke saman. Det var avansert tenking og langt føre det den jamne nordmannen gjekk og grunna på. I det heile var dette med datamaskiner rimeleg eksotisk.

Historisk radioklipp

Slave av tenkinga, ikkje herre over henne? Professor Ragnar Frisch taler om elektroniske reknemaskiner i samfunnsøkonomien.

Vi høyrer ei radiosending frå 1961.

Professor Ragnar Frisch: Først eit par ord om kva dei elektroniske reknemaskinene ikkje er. Alle har jo høyrt om desse maskinene og dei kjempestore problema dei kan løyse. Det er utmerkt avisstoff, men så har det blitt gjenstand for mytedanning som så mykje anna avisstoff. Ein snakkar til dømes om at desse maskinene kan tenke. Det er heilt misvisande. Ei slik maskin kan berre gjere det som ho på førehand har fått nøyaktig beskjed om.

Programleiar Steffen Fjærvik: Etter kvart blir nordmenn meir komfortable med datamaskiner og EDB, elektronisk databehandling, men ikkje meir enn at det framleis er veldig eksotisk i det året som Gisle Hannemyr meiner er starten på norsk internetthistorie, 1971. Det finst ikkje noko i NRKs arkiv som dokumenterer dette. Men det det finst mykje av i arkivet, er underhaldning basert på dette snodige nye datagreiene.

Historisk radioklipp

Skodespelar med tilgjord stemme: Seier du det, er det EDB? (Applaus.) Hjarteleg takk for det. God aftan kjære lyttarar og publikum i Store studio. Temperaturen på Tryvann er 7,8 gradar mot normalt 6,10.

Programleiar Rolf Kirkvaag i Store studio: Hallo, hallo, kven er dette?

Skodespelar: Dette er Gustav Adolf.

Rolf Kirkvaag: Ja, får eg lov ein augneblink å avbryte deg, Gustav Adolf? Saka er jo den at dette er ei datamaskin som vi har konstruert, og som er her i Store studio no saman med publikum. Vi har vel etter kvart alle saman registrert korleis desse datamaskinene begynner å ta heilt knekken på oss som menneske. Og så er ho også her no, til og med.

Programleiar Steffen Fjærvik: Jo då, du kan flire, men Rolf Kirkvaag var ikkje den siste laurdagsunderhaldaren i NRK som skulle ta datamaskiner inn på scenen. Vi skal høyre både Tande P og Petter Nome gjere det same seinare, men først tilbake til tidsvitnet vårt, Gisle Hannemyr. Han var stipendiat på Universitetet i Tromsø, men hadde fått seg eit opphald i USA i 1980.

Gisle Hannemyr: Ja, på universitet Carnegie Mellon University i Pittsburgh, Pennsylvania, og som var på nettet. Og for meg så var altså det for så vidt ei stor oppleving å oppleve slike ting som e-posttilgang til desse diskusjonsgruppene på usenet, å bruke telnet for å kople meg på og fjerne datamaskiner og å gå inn og laste ned filer frå det og så vidare. Og det var i 1980 ein masse morosame, spennande tenester, sjølv om weben ikkje hadde komme enno.

Programleiar Steffen Fjærvik: Utover på 80-talet veks det som vi i dag kjenner som internett, utover i akademiske krinsar over heile verda. Eigentleg skulle ein ha forskingsoppgåver for det amerikanske forsvaret for å få vere med, men stadig fleire klarer å snike seg med likevel, slik som unge Hannemyr i Tromsø, som kom tilbake frå USA med internettabstinensar.

Gisle Hannemyr: Då sakna eg internett, og så oppdaga eg at Universitetet i Oslo allereie var på internett, så eg fekk då tigga meg til ein X.25-link frå Tromsø til Oslo så kunne eg bruke internett derifrå.

Programleiar Steffen Fjærvik: Altså eit slags datasamband.

Gisle Hannemyr: Ja altså X.25 er ein pakkesvitsja protokoll som blei utvikla for det som var ein av konkurrentane til internett på den tida.

Programleiar Steffen Fjærvik: For det var nemleg fleire nettverk som kunne ha blitt det nye store, men dei fleste er nok einige i dag om at internett lykkast fordi det var så opent. Nokon med peiling kunne rett og slett sitje på fritida og programmere det dei hadde lyst til. Og så ein dag hadde verda fått elektronisk post.

Gisle Hannemyr: Akkurat når det gjaldt e-post … Det som skjedde der, var rett og slett at teknikarane som heldt ved like nettet, dei var jo ute i felten, og dei hadde behov for å kunne sende meldingar fram og tilbake til hovudkvarteret, til dømes for å spørje om nokon kjende problem frå før av eller hadde tips og så vidare. Så det var teknikarane, som for så vidt utanfor alle moglege slags etablerte forskingsprosjekt, laga seg sitt eige e-postsystem. Og så blei det plutseleg ein stor suksess. Ein kar som heiter Ray Tomlinson, gjorde dette på kveldstid, og sa først til dei andre teknikarane: Ikkje fortel nokon om dette, fordi at dette er det eigenleg ikkje sikkert på at eg har lov til å gjere. E-post var veldig lenge den dominerande bruket av nettet, og det som gjorde at ein kunne, i fall frå ståstaden min, halde kontakten med desse sambanda ein knytte på forskingsopphald i USA. Eg hadde kontakt med folk på Cayman Island, hadde kontakt med folk på Xerox Park, eit veldig spennande forskingssenter på den tida, der ein kunne halde seg oppdatert på det aller nyaste.

Programleiar Steffen Fjærvik: Så det var nyttig for akademikarane, men ikkje noko for folk flest på åttitalet. Typisk er det at vi må heilt opp til 1988 før vi finn spor av internett i NRK-arkivet. Vi høyrer Dagsrevyen fortel om noko heilt nytt, nemleg datavirus.

Klipp frå Dagsrevyen:

Reporter: Det var natt til torsdag for ei dryg veke sidan at Robert Morris sende inn eit dataprogram i eit datanett som utvekslar forskingsopplysningar over heile verda. Og berre på nokre timar hadde det formeira seg fortare enn grashopper. Det kopierte og kopierte seg til datamaskinene ikkje hadde plass til meir. Tre dagar tok det å få maskinene i gang igjen. Her i landet nådde alarmen Teledirektoratets forskingsavdeling på Kjeller sist torsdag ettermiddag.

Intervjuobjekt Pål Spilling: Ja, eg blei oppringd av ein kollega i Boston som fortalde om eit massivt virusangrep i den amerikanske delen av ARPANET, og han gav meg det rådet å bryte sambandet mellom den norske delen og den amerikanske delen for å isolere Noreg frå virusangrepet.

Programleiar Steffen Fjærvik: Mannen som snakkar til Dagsrevyen i 1988, er ein norsk internettpioner. Han er frå Televerkets forskingsinstitutt på Kjeller og heiter Pål Spilling. Han var ein av dei på Forsvarets forskingsinstitutt som tiåret tidlegare utvikla det settet med reglar som gjeld for overføring av data mellom maskiner på nettet. TCP, for dei som vil vere tekniske. Dette var dei folka som hadde fått seg ei kopling over satellitt via Tanum og så vidare. Spilling jobba med dette saman med Yngvar Lundh, og dette er to av dei tre nordmennene som har namnet sitt inngravert i bronse på Stanford-universitetet i USA. Når det amerikanske ARPANET då etter kvart opna seg meir og meir internasjonalt, så blei nettet kjent som internett. Tidsvitnet vårt, Gisle Hannemyr, jobba ved Norsk regnesentral då han like før jul i 1991 fekk ein e-post frå Kjell Øystein Arisland, som syntest det var på tide å starte noko han tenkte å kalle for Oslo-nett.

Gisle Hannemyr: Han inviterte oss alle saman til eit sånt møte der det blei spandert pizza, ein sikker måte å få folk frå det miljøet til å stille på eit møte på. Og så diskuterte vi, og så spyttar vi inn nokre kroner kvar og tok då og sette opp den første serveren i Oslo-nett i eit kott på Norsk regnesentral.

Programleiar Steffen Fjærvik: Men kva, kva skulle folk med den serveren? Kva? Korleis skulle folk forhalde seg til han?

Gisle Hannemyr: Nei, det hadde vi jo litt problem med å kommunisere i starten. Vi reiste jo rundt då til bedrifter og andre, og fortalde om dette internettet som var så fantastisk, og det vi då selde inn, for dette var før weben var kjend, eg trur faktisk var før weben blei funnen opp, det var e-post. Så vi sa at med internett så kan du sende e-post. Og så sa dei at ja, vi har e-post, for dei hadde, ikkje sant, eit sånt lokalnett som hadde ein e-postfunksjonalitet. Og så sa vi ja, men med internett så kan du sende e-post til alle moglege menneske i heile verda. Og då sa dei: 1) Vi kjenner ikkje alle moglege menneske i heile verda. 2) Vi trur ikkje på deg.

Programleiar Steffen Fjærvik: Og det var vanskeleg å bli interessert i internett før World Wide Web kom med grafikken sin og lenkjene sine og det som skulle bli kjent som surfing på internett. Så Hannemyr og kollegaene sleit med å nå fram til massane.

Gisle Hannemyr: Så det gjekk veldig, veldig treigt i starten. Og dei aller første abonnementa blei ikkje selde til dei bedriftene vi reiste rundt til. Eg selde dei første abonnementa mine på Beach Club på Aker Brygge til mine eigne nerdevenner medan vi sat der ute og pilsa ei sein natt. Og når liksom stemninga blei god, og praten gjekk lystig, så sørgde eg for å få dei signert opp som kundar av Oslo-nett. Altså, eg trur ikkje at Oslo-nett hadde klart seg om ikkje Tim Berners-Lee hadde komme med weben, fordi altså weben endra alt, og det då var verkeleg at dette var eit den typen produkt som folk berre må ha.

Radioklipp frå Rondo

Deltakar 1: Vi veit at telefonen blei oppfunnen for nokre 100 og nokre år sidan. Så blei det sagt at dette her er eit artig leiketøy, men får aldri nokon praktisk nytte. Nokon vil kanskje seie det same om dette her, og så tek dei liksom litt feil.

Deltakar 2: Heilt klart dei tek feil. Eg har ikkje noko eksakte tal, men …

Gisle Hannemyr: Dei hadde eit program som heitte Rondo, og eit av høgdepunkta i Rondo var då Synnøve Svabø surfar på nettet …

Klipp frå Rondo: Full pakke, stinn brakke, vi skal til Amerika, berre til dømes at vi kunne ha testa han presidenten? Kan vi berre ta og sende eit brev til han?

Gisle Hannemyr (held fram): … som gjekk ut på at det var ei stor datamaskin i studio, kopla opp til Oslo-nett via ein telefonlink. Og Synnøve sat føre maskina og var innom ulike nettstader som sjåarane sende inn til henne som forslag, og fortalde kva ho såg på desse. Og etter desse Rondo-programma så ringde telefonen, og det var faren min som hadde sett på Rondo, og sa at eg må ha ein sånn ein. Korleis får eg ein sånn ein? Så det var då eg skjønte at noko var i ferd med å skje.

Klipp frå Tande P-program: Gut i USA, 16 år, starta firma på guterommet. Powertech er namnet. (Applaus.) Og Øystein, kva er det de sel for noko?

Øystein: Vi sel noko som er veldig nytt her i landet, tilgang til internett. Det er eit internasjonalt data…

Programleiar Steffen Fjærvik: Det som var i ferd med å skje, som vi høyrde her i Tande P-programmet Opp med Norge frå 1994, det var at internett blei eit massefenomen. Hannemyrs selskap Oslo-nett blei større og etter kvart kjøpt opp av Schibsted, som igjen blei til Skandinavia Online. Og medan leiken var god, og lenge før dotcom-bobla sprakk, så takka datanerden Gisle Hannemyr for seg og gjekk tilbake til akademia i 1997.

Gisle Hannemyr: No var det kanskje ikkje bruk for den typen person som eg var, der lenger. Det ville vere veldig mykje meir fokus på forretningsutvikling og ikkje så veldig mykje på teknisk utvikling. Og då er liksom eg litt ute av terrenget mitt, så då vendar eg tilbake til Universitetet i Oslo 1997.

Utannonsering

Du har høyrt om historia til norsk internett med tidsvitnet Gisle Hannemyr som gjerne vil påpeike ein ting om vennene sine på beachklubben. Dei som var dei første til å kjøpe internettabonnement av Oslo-nett. Det var ikkje berre at dei var fulle. Dei var genuint interesserte i den teknologien og hadde lyst til å prøve han ut.

Internett – framleis ganske nytt

I dag er det nesten umogleg å forstå at internett ikkje var allment tilgjengeleg for tretti år sidan. Tenk berre på korleis du med den største sjølvfølga søker etter informasjon på ein søkemotor, korleis du med eit par raske tastetrykk lastar ned musikk og filmar. Eller at du sjølv publiserer noko andre kan få tilgang til.

Starten på World Wide Web

I 1980 jobba Tim Berners-Lee ved CERN, det største instituttet i verda for partikkelfysikk. Han såg behovet for eit system som enkelt kunne utveksle informasjon mellom ulike datamaskiner.

Foto av ein mann som sit ved ei datamaskin.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Protokollen eller språket han presenterte, kalla han Hyper Text Transfer Protocol (http).

Han tok aldri patent på oppfinninga si, men delte henne tvert imot gratis med alle som var interesserte. Dette førte til at World Wide Web fekk ei rask utbreiing, og at det blei utvikla mange nye program og tenester.

HTML og URL

På verdsveven kan informasjon presenterast som websider der innhaldet er merkt med eit eige markeringsspråk, HTML (Hyper Text Markup Language). Ei slik webside kan kombinere tekst med andre former for informasjon.

Ved hjelp av ein nettlesar kan sidene visast på datamaskiner kvar som helst i verda. Det einaste brukaren treng å gjere, er å skrive inn ei nettadresse, også kalla URL (Uniform Resource Locator), eller å klikke på ei lenke på ei nettside. Tekstar som blir sette saman på denne måten, blir kalla for hypertekstar.

TCP

Når vi koplar ei datamaskin til internettet, får ho straks ein unik Internet Protocol Address (IP-adresse). Når vi skriv ei nettadresse på datamaskina vår og trykker på Enter, vil vi ved hjelp av ein Transfer Control Protocol (TCP) finne dei dataa som er lagra på denne nettadressa. Dette blir gjort ved å dele opp programmet i uavhengige delar eller "pakkar".

Ein TCP-pakke består av ein "kropp", som er sjølve innhaldet, og eit "hovud", som fortel kvar "pakken" kjem frå, og kvar ho skal. Maskina som sender "pakken", reknar ut ein kontrollsum og legg han i "hovudet". Maskina som får "pakken", ser på innhaldet og reknar ut sin eigen kontrollsum. Dersom desse kontrollsummane er like, betyr det at dataa har komme korrekt fram.

Eventyret starta med ARPANET

Eventyret starta midt under den kalde krigen på 1960-talet. Advanced Research Projects Agency (ARPA) hadde blitt oppretta i 1958 for å utvikle ny teknologi for det amerikanske forsvaret. Dei sette seg som mål å lage eit nettverk for å knyte datamaskiner saman, som var så robust at ikkje eit enkelt punkt i nettet som svikta, skulle vere kritisk for nettet som heilskap. Dette blei realisert i 1964, då såkalla "packet switching" blei introdusert.

I 1969 opna ARPA for at også andre aktørar kunne knytast til nettet, og i 1972 blei det Yngvar Lundh ved Forsvarets forskingsinstitutt på Kjeller utanfor Oslo som fekk etablert den første datamaskina utanfor USA på ARPANET. Etter kvart blei det over heile verda utvikla tilsvarande nett. I Noreg var universitet og høgskular tidleg ute med sitt UNINETT, som primært blei nytta til å utveksle elektronisk post.

Først då Tim Berners-Lee ved forskingsinstituttet CERN i 1991 presenterte World Wide Web (www), vaks internett fram som eit globalt nettverk.

CC BY-SASkrive av Jon Hoem og Svein Sandnes.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2018

Læringsressursar

Medieutvikling og innovasjon