Hopp til innhald

Fagstoff

Prisdifferensiering

Mange varer og tenester blir selde til same pris, uansett når dei blir kjøpte, korleis dei blir bestilte, eller kven kunden er. Ein annan strategi er at seljar prøver å hente ut mest mogleg frå kvar kunde gjennom å differensiere prisane.
Seter på et fly. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Same produkt – ulik pris

Om du har prøvd å bestille ei flyreise på nettet, har du sannsynlegvis erfaring med det vi kallar prisdifferensiering. Eit sete på eit fly er omtrent det same produktet for alle som sit om bord. Om nokon har fått litt ekstra plass til beina eller litt betre mat, blir ikkje dette rekna som veldig store produktforskjellar. Likevel er det ikkje uvanleg med ein prisforskjell på fleire hundre prosent. Same innanlandsflyet kan ha seteprisar som spenner frå under 300 kroner til over 5000!


Årsaker til prisdifferensiering

Den viktigaste årsaka til denne prisdifferensieringa er at kundane har ulik betalingsvilje og betalingsevne. Så lenge det er eit ledig sete i flyet, ønskjer flyselskapet å finne den kunden som er villig til å betale mest for det. Då må dei ofte redusere prisen.

Kanskje har du opplevd at den aller rimelegaste lågprisen ikkje er så lett å finne i praksis. Ulike restriksjonar knytte til bestillingstidspunkt, endring, service om bord eller alder på kunden kan gjere at somme kundar får vanskar med å nytte tilbodet. Om du enda med å bestille ei reise og følte at den prisen du betalte, var heilt på grensa av det du hadde tenkt, så har flyselskapet lykkast godt med prisstrategien sin.

Kven betaler for produktet?

Fleire bedrifter opplever at privatkundar som skal betale produktet sjølve, har ein lågare betalingsvilje enn bedriftskundar som får same produktet dekt av arbeidsgivaren sin. Flyselskap, hotell og restaurantar prisar produkta sine i tråd med denne informasjonen. Samtidig er stadig fleire bedrifter så kostnadsmedvitne at dei styrer sine tilsette mot dei rimelegaste løysingane.

Det er ulike metodar for å skilje privat- og bedriftsmarknaden. I nokre tilfelle handlar dei to gruppene på ulike tidspunkt. Medan privatpersonar sit heime og handlar reiser via nettet om kvelden og i helga, ønskjer bedriftskunden å gjere dette i arbeidstida. Derfor ser vi stadig oftare at spesielle lågpriskampanjar på nettet startar fredag ettermiddag og blir avslutta før arbeidstid på måndag.

Når er det billigast å fylle bensin?

Bensinstasjonskjedene skil også mellom privatkundar og bedriftskundar. Strategien deira er å tilby dei lågaste prisane i helgane og dei høgaste prisane på måndagar når flest firmabileigarar og andre yrkestransportar ønskjer å fylle tanken.

Sesong- og kapasitetsprising

Vi held oss til døma frå reiselivet og ser på korleis hotellbransjen styrer prisane for vekedagar og sesong. Det er ikkje uvanleg at eit hotell som først og fremst rettar seg inn mot forretningstrafikk, har prisar på mellom 1000 og 2000 kroner per romdøgn midt i veka, medan prisane er reduserte ned mot det halve i helgane. Tilsvarande veit hotellbransjen at forretningstrafikken går ned i sommarferien, og dei sel difor store delar av romkapasiteten til bussgrupper som kanskje betaler under ein tredel av det dei forretningsreisande betaler.

Dersom hotella berre skulle basere prisinga si på kostnader, ville kanskje resultatet ha blitt motsett, sidan bemanningskostnadene er høgare i helgane enn i vekedagane.

CC BY-SASkrive av Steinar Madsen og Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod