Hopp til innhald

Fagstoff

Refleksjon

Å reflektere inneber å tenkje grundig gjennom episodar eller opplevingar du erfarer. Når vi reflekterer, vender vi tankane tilbake på noko. I denne samanhengen tenkjer vi på det vi erfarer som yrkesutøvarar, og korleis vi kan reflektere over oss sjølve i samhandling med andre.
Kvinne som sit med handa under haka og tenkjer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi reflekterer for å stadig kunne utføre arbeidet vårt betre, eller for å bidra til å kunne endre ting. Som menneske utviklar vi oss i samspel med andre, og refleksjonen kan bidra til at vi lettare ser oss sjølve i ulike situasjonar.

Reflektere kjem frå det latinske ordet reflectere, som betyr "bøye tilbake".

I yrkessamanheng er refleksjon ein viktig del av observasjonane vi gjer oss. Når du som yrkesutøvar observerer ein situasjon på arbeidsplassen der du jobbar, er det refleksjonen rundt det du har opplevd, som får deg til å tenkje over situasjonen på ulike måtar.

Når vi reflekterer over noko, stiller vi spørsmål

  • Kva gjekk bra i denne situasjonen?
  • Korleis gjennomførte eg denne situasjonen?
  • Kva kan eg gjere neste gong eg kjem i ein liknande situasjon?

Som yrkesutøvarar må vi heile tida sjå på oss sjølve i situasjonane og prøve å vurdere oss sjølve, både når det gjeld vår eiga rolle og ut frå teorien vi har lært. Refleksjonen inneber at vi tenkjer over korleis vi gjer ting, og kvifor vi gjer det sånn.

Til hjelp i arbeidet med refleksjon kan vi lage eigne refleksjonsnotat. Eit refleksjonsnotat er ei tekst der vi skriv rundt våre eigne opplevingar – altså ei personleg tekst med utspring i sjølvopplevde episodar. Det er dei faglege problemstillingane som er viktige.

Refleksjonsnotat

Når du lagar eit refleksjonsnotat:

  • Begynn med å skrive eit kort handlingsreferat frå ei hending, til dømes garderobesituasjonen i barnehagen. Ta med dei tankane du gjorde deg undervegs.
  • Skriv så ned kva du tenkjer i ettertid. Kva var bra? Kva kunne du ha gjort annleis?
  • Trekk inn teori som det er naturleg å sjå situasjonen i samanheng med, til dømes kommunikasjon, samhandling eller grensesetjing.
Fingrar som skriv i notatbok. Foto.

Refleksjonsnotatet gir deg god trening i å skrive ei vurdering av deg sjølv i arbeidet. Det er eit personleg notat som gjerne kan delast med andre. Vi kan diskutere ut frå kvarandre sine refleksjonsnotat, men det er ingen andre som skal vurdere det du skriv. Når vi reflekterer saman, er kvar og ein sine opplevingar riktige og viktige å respektere. Samtidig gir refleksjonen oss høve til å stille spørsmål til kvarandre, som igjen kan opne opp for andre måtar å tenkje over og sjå ting på.

Kjelde:

Store norske leksikon (2019, 8. januar). Reflektere. Henta 24. september 2019 frå https://snl.no/reflektere

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2019

Læringsressursar

Fagarbeidar