Hopp til innhald

Fagstoff

Nye aktørar og kanalprofilar (1990-talet)

I 1990 opna Stortinget for riksdekkande radio og TV i Noreg finansiert av reklame. TV 2 vart etablert i 1992, og P4 gjekk på lufta i 1993. NRK etablerte òg tre-kanalradio med tydeleg lyttarprofil, og nærradioane gjekk tilbake. Radio- og TV-kanalane prøvde dessutan ut nye internett-tenester.
To jenter ligg på golvet og ser på TV. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reklamefinansiert TV

I 1990 opna Stortinget for riksdekkande reklame-TV i Noreg. Som bakgrunn for vedtaket hadde Bore-utvalet under leiing av sjefredaktør Thor Bjarne Bore i Stavanger Aftenblad foreslått at ein ny TV-kanal i Noreg burde etablerast som ein lisens- og reklamefinansiert kanal uavhengig av NRK.

Einar Førde frå Arbeidarpartiet var kringkastingssjef då NRK fekk konkurranse frå kommersielt fjernsyn. Han hadde stillinga frå 1989 til 2001. Høyr Henrik Bastiansen fortelje meir i klippet "Kringkastingssjef Einar Førde" hos NRK Skole.

Les meir

NRK hadde sjølv greidd ut spørsmålet om eit program 2 på fjernsyn. Dei hadde ikkje overraskande kome til at dette burde skje innanfor rammene av NRK, slik det hadde gjort for radiokanalen P2. Samtidig hadde Kjølås-utvalet under leiing av Harald Kjølås, redaktør i Sunnmørsposten, avklart vilkåra for reklamefinansiert fjernsyn i Noreg. Resultatet var føreseieleg. Meir overraskande var det kanskje at det var ei eigargruppe beståande av forsikringsselskapet Vital og dei nordiske mediekonserna Schibsted og Egmont som stod bak den sigrande konsesjonssøknaden.

TV 2 – eit riksdekkande fjernsynsalternativ

TV 2 starta sendingane sine 5. september 1992 frå Grieghallen i Bergen. Den første programdirektøren i kanalen, Dan Børge Akerø, var programleiar. Sendinga vart sett av 1,7 millionar nordmenn, men sidan det originalt nok var ei samsending med NRK, var det to tredjedelar av desse som såg sendinga på statskanalen. TV 2 sin eigen sjåarrekord er finalen i talentkonkurransen "Idol" frå 2005 med 1,3 millionar sjåarar. Den første administrerande direktøren i TV 2 var Bjørn Atle Holter-Hovind, som var knytt til Schibsted-konsernet. I 1993 vart han etterfølgd av reklamemannen Arne A. Jensen.

Det same året hadde TV 2 stor suksess med komiserien "Mot i brøstet". Med alpin-VM i Sestriere i 1997 markerte TV 2 seg for alvor som sportskanal. Og i 1998 skreiv dei norsk TV-historie med oppstarten av den første TV-såpeserien med daglege episodar: "Hotel Cæsar". I 1999 overtok Kåre Valebrokk, tidlegare redaktør av Dagens Næringsliv, som administrerande direktør i TV 2. Det førte til ei sterkare satsing på aktualitetsprogram, mellom anna "Rikets tilstand" med Gerhard Helskog som programleiar.

P4 – eit riksdekkande radioalternativ

I 1992 vart det kunngjort konsesjon på drift av ein riksdekkande kommersiell radiokanal i Noreg. Det var to søkarar, Radio 1 Norge frå Aller-gruppa og Radio Hele Norge AS med Modern Times Group på eigarsida og den tidlegare NRK-medarbeidaren Kalle Lisberg som ein av frontfigurane. Radio Hele Norge stakk av med konsesjonen og starta sendingane sine frå P4 sitt hovudkontor på Lillehammer 15. september 1993.

P4s Radiofrokost

0:00
-0:00

NRK sin trekanal-radio

Omtrent samtidig, 2. oktober 1993, etablerte NRK den tredje radiokanalen sin, P3. Dette var berre ein del av den store omlegginga av NRK sitt radiotilbod som Tor Fuglevik hadde planlagt. Han hadde etterfølgt Olav Nilssen som radiodirektør i 1988. Det frittståande NRK P2 på Tyholt hadde blitt ein suksess som særleg trekte yngre lyttarar til sendingane sine.

NRK sine tre radiokanalprofilar i 1993. Kanalsjefane held opp kvart sitt skilt med høvesvis Norgeskanalen (P1), Kulturkanalen (P2) og Petre (P3). Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Les meir om målgruppene til dei tre kanalane

I 1992 hadde NRK P1 43 prosent av radiolyttinga i Noreg, mens NRK P2 hadde 32 prosent. Lokalradioane hadde til saman ein 25 prosent del av radiolyttinga i Noreg. Sommaren 1991 hadde kringkastingssjef Einar Førde sett ned ei arbeidsgruppe beståande av Bjarne Grevsgard, Knut Røe og Arne Wam for å greie ut NRK Radio i tre kanalar. Deira viktigaste konklusjon var at NRK måtte bli flinkare til det NRK allereie var best til, samtidig som dei måtte bli flinkare til det nærradioane var gode på.

Å definere ulike målgrupper vart eit hovudpoeng i utforminga av NRK sin nye trekanal-radio frå hausten 1993. Til hjelp i dette arbeidet brukte ein aktivt Norsk Monitor frå Markeds- og Medieinstituttet (MMI) AS. Sjølv om P2 hadde vore ein openberr suksess, hadde P1 og P2 hatt for like målgrupper. Det var no viktig å tydeleggjere fokusområda til kanalane.

Resultatet vart ein P1-kanal, Norgeskanalen, med hovudsete på Tyholt i Trondheim. Denne skulle stå for distriktssendingane og ha ein brei appell. P2 med hovudsete på Marienlyst skulle vere Kulturkanalen og rette seg mot det MMI kalla "moderne idealistar". Ungdomskanalen P3 vart etablert for å vinne dei unge tilbake til NRK, først og fremst gjennom ein ungdommeleg musikkprofil.

Etableringa av NRK sin trekanal-radio i 1993, etter kvart supplert med fleire heildigitale nisjekanalar, viste seg å vere ein vinnar i radiomarknaden. NRK er framleis den sterkaste allmennkringkastaren i verda målt i lyttaroppslutning.

To radioprogram som vart sentrale for populariteten til P3:

Herreavdelingen på NRK P3

0:00
-0:00

Irma 1000 på NRK P3

0:00
-0:00
Les meir om utfordringa ved OL i 1994

Den største utfordringa for NRK på 1990-talet var å vere vertskringkastar for 134 land under OL på Lillehammer i 1994. NRK er det minste selskapet som har hatt ei slik oppgåve, og løftet er det største nokon nordisk kringkastar har teke. 1 360 medarbeidarar, inkludert innleigd hjelp frå Sverige, Finland, Danmark, Sveits, Storbritannia, Frankrike, Nederland og Canada, var involverte i dei internasjonale sendingane i tillegg til dei 400 som jobba med dei nasjonale sendingane. Det vart sendt 212 timar frå vinterleikane på norsk TV.

Andre radiokanalar

Som ei følge av etableringa av P3 og P4 tapte nærradioane raskt terreng. P4 såg på si side at NRK sin nye trekanal-radio ikkje tok godt nok vare på dei som hadde lytta på "gamle" P2, og satsa derfor bevisst på å nå fram til desse med ei gjennomtenkt musikkformatering.

Resultatet vart at vi allereie i 1994 fekk ei heilt anna fordeling av marknadsdelane i den norske radiomarknaden: NRK P1 hadde langt på veg behalde posisjonen sin med 46 prosent marknadsdel, mens NRK P2 berre hadde ei oppslutning på 6 prosent. NRK P3 overoppfylte sine måltal med 12 prosent, delvis fordi kanalen måtte fungere som sportskanalen i radioen ved lange direktesendingar.

P4 oppnådde overraskande raskt ein marknadsdel på 21 prosent av radiolyttinga, mens lokalradioane samla fekk ein redusert marknadsdel på 14 prosent. Utover på 1990-talet gjekk talet på nærradioar ned.

Radio 1-nettverket vart etablert av Aller-gruppa for å styrke nærradioane økonomisk, men i 1996 avgrensa Radio 1 seg til å vere ein rein storbyradio. I 1998 kom franske NRJ (Energy) inn på den norske marknaden og vart den leiande musikkradioen for ungdom frå 12 til 34 år.

Kva kan vi bruke internett til?

Det store teknologiske gjennombrotet innan medium og kommunikasjon på 1990-talet var etableringa av eit nytt internasjonalt datanettverk, World Wide Web (www).

Kva kunne så denne nye kommunikasjonskanalen brukast til, bortsett frå at vitskapsfolk kunne utveksle dokument med kvarandre?

Ganske tidleg såg aviser og tidsskrift ei moglegheit til å få breiare distribusjon gjennom det nye mediet. Derfor fekk vi på midten av 1990-talet ein eksplosjon i registreringa av såkalla "nettaviser" i Brønnøysundregistera. Først ute var musikkavisa Panorama 1. mars 1995. Veka etter kom Brønnøysunds Avis på nett, og to dagar seinare var Dagbladet.no ein realitet.

Allereie hausten 1994 etablerte radioprogrammet "Radionettet" på P2 dei første nettsidene, Radionettet, i samarbeid med informatikkstudentar ved Høgskolen i Østfold. NRK var dermed truleg den første mediebedrifta i Noreg som hadde eigne nettsider.

Dei to medarbeidarane i NRK som stod bak radioprogrammet, og som 1. oktober 1995 leverte ei utgreiing til kringkastingssjef Einar Førde om korleis kringkastinga kunne nyttiggjere seg internett, var Rolf Brandrud og Tom W. Ottmar. I rapporten tilrådde dei at NRK etablerte ei eiga lita eining som skulle få i oppdrag å utvikle nettstaden Nrk.no. Dei tre basistenestene dei foreslo å starte med, kan verke beskjedne i dag: ei nyheitsteneste basert på NRK sin store redaksjonelle stab, moglegheit for tekstsøk i NRK-arkivet og utsending av radioprogram på bestilling.

Les meir

Det er umogleg å seie kva posisjon NRK ville ha erobra i den norske marknaden for nettaviser dersom kringkastingssjef Einar Førde hadde gitt klarsignal for forslaga. 10. oktober 1995 vart VG Nett etablert, og det var denne nettavisa som dei neste 15 åra vart den dominerande aktøren i denne marknaden. Men rapporten frå 1995 er likevel interessant lesing, sidan han fortel mykje om korleis ein tenkte om internett i ei stor norsk mediebedrift på denne tida.

Einar Førde hadde andre planar og måtte prioritere knallhardt. Etter lanseringa av den nye trekanal-radioen under slagordet "Einar i tre kanalar" stod NRK framfor etableringa av endå ein fjernsynskanal: NRKTO. Med Stein Roger Bull som kanalsjef vart det fram mot lansering 1. september 1996 satsa på ein profil som skulle vere "ung og tung". Det vil seie at ein skulle satse både på det ungdommelege og på det tunge kulturstoffet. NRKTO hadde ein treg start når det gjaldt oppslutning. Hausten 1996 kom registrerte sjåarar sjeldan over 100 000, men oppslutninga auka gradvis. I mars 1997 passerte kanalen TV3 og låg omtrent likt med TVNorge med eit sjåartal rundt 200 000 på dei mest sette programma. Trond-Viggo Torgersen, som hadde leidd opningsshowet i NRKTO, var kanalsjef i 1997 og 1998.

Kjelder

Comer, D. E. (2000). Internetworking with TCP/IP. Vol. 1: Principles, Protocols and Architectures (4. utg.). Prentice Hall.

Enger, J. (2006). Hele landet på lufta. NRK Aktivum.

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)